Prisnedskrivingstilskot for korn
For føretak som skal søke om prisnedskrivingstilskot for korn. Med søknaden innrapporterer du også grunnlaget for berekning av omsetnadsavgift og forskingsavgift.
Kven kan søke?
Kornkjøparar som kjøpar norskprodusert korn frå produsent som vidaresel kornet eller nyttar det sjølve i kommersiell matmjøl- eller kraftfôrindustri.
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke tilskot til
- Innkjøpt norskprodusert korn og oljevekstar/erter som er kjøpt frå produsent når varane
- blir vidareselt, eller
- blir brukt i kommersiell matmjøl- eller kraftfôrindustri
- Det blir ikkje gitt tilskot til
- korn som er ueigna til framstilling av mat eller fôr
- importert vare
- korn produsert i utlandet av primærprodusent registrert i Noreg
- korn som blir brukt til framstilling av fiskefôr
- varer som blir eksportert
- korn som skal bli brukt til såkorn eller heimemaling
Kort om ordninga
- Det blir berre gitt tilskot ved førstehandsomsetnad av kornet og til parti kjøpt av føretak med føretaksnummer frå Brønnøysundregistera.
- Tilskotet blir berekna slik: mengd kilo korn (vassinnhald 15 prosent.) *sats per kilo. Satsane blir fastsette i jordbruksoppgjeret.
- Det er kornkjøpar sitt ansvar at importert korn og anna korn som ikkje gir rett på tilskot, ikkje blir rapportert som ei vare som har rett på tilskot.
- Mottakar av tilskottet er ansvarleg for at kornet blir brukt i samsvar med vilkåra. Dette gjeld også når kornet blir selt vidare.
- For kornkjøparar som produserer kraftfôr må
- kraftfôret bli tilbydd i marknaden på vanlege salsvilkår
- ein vesentleg del av kraftfôret (minimum 50 %) bli selt til føretak, som seljar verken har eigarmessige interesser i eller driftsmessig samarbeid med, altså må ikkje salet bære preg av internomsetnad
- Tilskotsmottakarar må
- drive produksjon, foredling og transport i samsvar med regelverk for handtering av jordbruksvarer
- ha dei løyver som er nødvendige innanfor den type verksemd som føretaket driv
- følge Mattilsynets og andre etatars krav for handtering av jordbruksprodukt
- nytte vekt godkjent av Justervesenet
Kvalitetsanalyse
Kvalitetsanalysane må tilfredsstille dei krava til analysetryggleik som Landbruksdirektoratet har fastsatt. Med mindre Landbruksdirektoratet bestemmer noko anna, skal prøven bli tatt ut med automatisk prøvetakar og bli nedminska med tilknyttet nedminskar.
Med omsyn til analysetryggleiken ved kvalitetsgraderinga har Landbruksdirektoratet laga retningslinjer for krav til analysesikkerheten ved kvalitetsanalyse av korn. Dersom du er ny søkar, så må du setje deg inn i desse retningslinjene. Du kan ta kontakt med saksbehandlar i Landbruksdirektoratet for nærare informasjon.
Kva for avgifter du oppgjev grunnlag for
- Omsetnadsavgift
Kornprodusentar skal betala omsetnadsavgift på korn seld til kornkjøpar. Det gjeld alt korn, oljefrø, erter, lupinar og åkerbønner som blir omsett til bruk som råvarer i matmjøl- og kraftfôrindustri. Kornkjøparen skal trekke avgifta frå kornoppgjeret til produsenten. - Forskingsavgift
Den som kjøpar vara frå produsenten skal betale forskingsavgifta. r. Det er forskingsavgift på kveite, rug, bygg, havre og rugkveite. Det er ikkje forskingsavgift på oljefrø, erter, lupinar og åkerbønner.
Landbruksdirektoratet krev inn forskingsavgifta på norskproduserte varer, og Tollvesenet på importerte varer. For norskprodusert korn som blir omsett, så trekker kornkjøpar desse avgiftene i oppgjeret til produsent. Landbruksdirektoratet trekker omsetnadsavgift- og forskingsavgift frå tilskot til prisnedskriving.
Utfylling av søknad
For førstegongssøkar/nye aktørar
For å søke, må du få tildelt eit kornkjøparnummer og anleggsnummer. Det er Landbruksdirektoratet som tildeler dette. For å få tildelt dette, må du sannsynleggjera at verksemda di tilfredsstiller dei vilkåra som er sett for å få tilskot. Du kan ta kontakt med saksbehandlar i Landbruksdirektoratet for nærare informasjon.
Søknad blir overført som datafil
For å søke tilskot for prisnedskriving, skal du førebu ei datafil etter eit gitt format og oppsett.
For å søke, må du få tildelt eit kornkjøparnummer og anleggsnummer.
Søknadsfrist: 30. september etter slutten av kornåret.
Formatet på datafila
Det er heilt spesifikke krav til format på datafila. Ta kontakt med saksbehandlar for nærare informasjon.
- alle felta blir semikolon-separert (;)
- satsar og beløpsfelt kan maksimalt ha lengder som er angjeve i lengde kolonnen, men felta kan bli levert kortare
- eventuelle minusteikn blir plassert rett før avlevert tall
- komma blir brukt som desimalseparator
Namn på datafila
Alle datafiler du overfører må ha ulike namn. Dersom du overfører filer med like namn, blir den tidlegare overførte fila overskrive.
| K | For kornkjøpar | Avsendarnummer |
| Kornkjøpenummer | Kornkjøpar | |
| Løpenummer | Nummer som er unikt for kvar overføring | |
| .dat | Datafil (du kan også bruke .txt) |
Eksempel på filnamn: K37720190906.DAT
Sende søknad
For å sende søknaden, koplar du deg opp med desse opplysningar:
- sftp.landbruksdirektoratet.no
- sftp (Port 22)
- bruker: ldirup
- passord: (Ta kontakt for passord)
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet får rapporter/søknadar fortløpande. Ved behov for meir informasjon, kan direktoratet be om dette.
Behandling
Landbruksdirektoratets saksbehandling er automatisert. Saksbehandlinga, «køyring av oppgjer», gjer direktoratet normalt ein gong i veka i sesong. Når mengda korn som blir levert på anlegga avtek, blir det normalt køyrt oppgjer ein gong kvar andre veke. Det blir ikkje køyrt oppgjer i perioden 1. juli til ca. 25. august.
Landbruksdirektoratet gjer vedtak på tilskot til prisnedskriving og avreknar omsetnads- og forskingsavgift.
Kontroll
Søknaden kan bli tatt ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tar lenger tid.
Svar og avrekning
Svar
Du får svar på søknaden på papir, normalt 1-2 veker etter at søknaden er motteken. Her finn du oversikt over grunnlaget for tilskot og avgifter, i tillegg til utbetalt beløp.
Utbetaling
Får du tilskot, blir dette utbetalt kvar veke i sesongen og sjeldnare i andre periodar. Før utbetalinga blir omsetnadsavgift og forskingsavgift trekt frå tilskotet. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Søknad for parti som kjem inn etter fristen, blir avvist. Du må likevel betale inn omsetnadsavgift og forskingsavgift også for desse partia.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
30. september, det vil seie tre månader etter at kornåret er avslutta. Kornet blir rekna som kjøpt når eigarskifte finn sted, og som hovudregel skjer dette ved levering.
Når du får svar:
Normalt 1-2 veker etter at søknaden er motteken.