RÅK-tilskot
«RÅK» står for råvarepriskompensasjon. Ordninga inneber å gje prisnedskriving der tollsatsen ikkje er tilstrekkeleg for å kompensere for skilnadar i prisnivå på jordbruksvarer i Noreg og i utlandet.
Hven kan søkje?
Næringsmiddelindustri i Noreg, som produserer tilarbeidde jordbruksvarer, kan søkje RÅK-tilskot dersom ferdigvara vert omset i daglegvaremarknadar eller i spesialmarknadar.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Du kan søkje RÅK-tilskot for enkelte norskproduserte råvarer som vert nytta i produksjon av utvalde ferdigvarer. Råvarene ein kan søkje tilskot til går fram av Vedlegg 1 til RÅK-tilskuddsforskriften. Kva for ferdigvarer ein kan søkje tilskot for vert bestemt av varen sitt varenummer i tolltariffen. Pizza, sukkervarer og supper er nokre døme på tilarbeidde landbruksvarer som får tilskot i RÅK-ordninga. Du finn ei uttømmande liste over dei varenummera i tolltariffen som får tilskot i vedlegg 2 til RÅK-tilskuddsforskriften.
Kort om ordninga
- Du som søkjer om tilskot, pliktar å setje deg inn i regelverket før du søkjer. Du bør lese både Søkjerettleiing RÅK-tilskot og RÅK-tilskuddsforskriften.
- Satsane for tilskota går fram av vedlegg 1 til RÅK-tilskuddsforskriften. Satsane vert vanlegvis oppdatert ved årsskifte, men dei kan òg verte oppdatert i løpet av året om det er vesentlege endringar i marknaden. Forslag til nye satsar vert sende på høyring, og endelege satsar vert vedtekne av Landbruks- og matdepartementet (LMD).
- Bevillinga til RÅK-tilskot vert avtala i jordbruksforhandlingane, og vert deretter vedteke av Stortinget.
Dette bør du forberede
- Informasjon om råvareinnhaldet
For å søkje om RÅK-tilskot, må du fyrst få godkjent ein resept for ferdigvara. Til dette må du ha oppdatert informasjon om produksjonen. I resepten skal du oppgje mengda råvarer som vert nytta til å produsere 100 kilo ferdigvare.
- Ferdigvara sitt varenummer i tolltariffen
Føretaket er ansvarleg for å nytte korrekt varenummer ved innmelding av resept. Me anbefaler at de søkjer tolletaten om bindande klassifiseringsutsegn (BKU), om de er usikre. Landbruksdirektoratet kan be om at mottakaren av tilskota skaffar ein BKU for ferdigvara.
- Total seld mengde
De treng ein oversikt over kor mange kilo de har selt føregåande månad av dei ferdigvarene som de skal søkje tilskot for.
Utfylling av søknad
Prosessen for å søkje tilskot er delt i to
Å søkje om RÅK-tilskot er ein prosess i to trinn. Fyrst må ein søkje om godkjenning av resepten til ferdigvara. Når resepten er godkjend, kan føretaket søkje om tilskot.
1. Melde inn reseptar
Før du søkjer tilskot, skal du melde inn reseptar for ferdigvarene. Du må melde inn ein resept for kvar råvare. Du må hugse å endre reseptane om det skjer endringar i råvaresamansetninga i løpet av året.
Fristen for å melde inn ein resept er den månaden du søkjer tilskot for.
Skjema
Gå til skjemaet Tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde råvarer (RÅK-varer) via Altinn for å melde inn reseptar. Her vert du bedt om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
I skjemaet skal du registrere:
- Ferdigvara sitt nummer i tolltariffen.
- Fakturanemning for produktet. Ein må kunne knytte nemninga til dokumentasjonen av produktet. Me anbefaler at de nyttar artikkelnummer i tillegg til produktnamn.
- Forbruk av råvarer med rett til tilskot og andre ingrediensar ved produksjon av 100 kg ferdigvare. Du skal rekne med svinn knytt til prosessen i råvareforbruket. Svinn som ikkje er prosessrelatert, skal du ikkje oppgje i resepten.
Sende skjemaet
Om du ikkje har moglegheit til å søkje digitalt, kan du nytte skjemaet for Reseptinnmelding/reseptendring (LDIR-710 B). Send ferdig utfylt skjema på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no eller som eit brev.
Handsaming og svar
Når resepten er godkjend, får du eit godkjenningsbrev med eit reseptnummer som du skal nytte når du søkjer om tilskot. Om Landbruksdirektoratet treng ytterlegare opplysningar for å handsame søknaden, vil du få beskjed om dette via Altinn eller per e-post.
Endringar i godkjend resept
Om det skjer endringar i nokre av opplysningane, til dømes varenummer eller samansettinga av råvarer, endrar seg må du endre resepten den månaden endringa gjeld ifrå. Dette gjer du ved å opne den aktuelle resepten under «tilskot» og «reseptar» og ved å trykke på «søk om endring». Da får du moglegheit til å gjere endringar og sende inn resepten på ny. Sjølv om du sender inn resepten på nytt, må reseptnummeret vere uendra. Det er òg mogleg å stoppe reseptar dersom dei ikkje lenger er i bruk.
2. Søkje om tilskot
Når resepten er godkjend, kan du søkje tilskot til prisnedskriving (PNS) for dei varene du har selt.
Frist: Du må søkje i løpet av kalendermånaden etter at varene vart selde.
Du kan få forlengd frist om du sender oss ein grunngjeven søknad før fristen. Dette gjer du ved å sende ein førespurnad til Landbruksdirektoratet i søknadssystemet.
Skjema
Gå til Tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde råvarer (RÅK-varer) via Altinn for å søkje. Her må du logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
I skjemaet skal du registrere
- Reseptnummer for ferdigvara
- Kor mykje det vert seld av ferdigvara førre kalendermånad. Om de har fått varer i retur, som de allereie har søkt tilskot for, må de redusere søknadsmengda tilsvarande
Du kan anten laste opp ei Excel-fil eller registrere seld mengd manuelt i søknadssystemet.
Sende søknaden
Om du ikkje har moglegheit til å søkje digitalt, kan du nytte skjemaet Søknad om prisnedskriving (LDIR-715B). Dette kan du sende på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no eller per post.
Handsaming av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått ein søknad om reseptgodkjenning og/eller søknad om tilskot til prisnedskriving (PNS), vert opplysningane du har sendt inn sjekka. Om det er naudsynt, kan direktoratet be om meir informasjon.
Tilleggsdokumentasjon
Direktoratet kan be deg om å sende inn tilleggsdokumentasjon som til dømes:
- Bindande klassifiseringsutsegn (BKU) frå tolletaten
- Produktdatablad som viser vara sitt innhald
- Oversikt over fakturaer for sal
- Fakturaer som viser kva for råvarer som er kjøpt inn og kva for opphav dei har
Du skal laste opp tilleggsdokumentasjonen i søknadssystemet. Du finn søknaden på sida «aller saker» under «opplysningar manglar». Når du opnar den aktuelle søknaden med førespurnad om tilleggsdokumentasjon, vil det vere mogleg å laste opp dokumentasjon på saka.
Handsaming
Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og gjer eit vedtak.
Kontroll
Landbruksdirektoratet kan take ut søknaden i kontroll. Du pliktar å godtake kontrollen, gje naudsynte opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Om du er teke ut i kontroll, kan handsaminga av saka take lengre tid.
Direktoratet kan òg gjennomføre kontrollar etter handsaminga av ei sak. Om de sjølv oppdagar feil, må de melde ifrå om dette til Landbruksdirektoratet.
Svar og utbetaling
Svar
Om du har søkt digitalt, får du ein e-post når svaret på søknaden er klart. Du finn svaret i både innboksen i Altinn og ved å logge inn på Tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde råvarer.
Utbetaling
Vert søknaden om tilskot til prisnedskriving (PNS) godkjend, vert pengane vanlegvis utbetalt to månader etter den månaden varene vert seld i. Om du til dømes sel varer i januar, og søkjer tilskot for dette i februar, får du normalt tilskotet i slutten av mars.
Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler tilskotet.
Retting av feilutbetalingar
Dersom det vert oppdaga at eit tilskot er utbetalt på feil grunnlag, kan Landbruksdirektoratet korrigere tidlegare tilskotsutbetalingar. Feil i utbetalingar skal i all hovudsak rettast opp i uavhengig av om feilen ligg hos tilskotsmottakar eller hos forvaltninga. Ved regelbrot kan avkorting i tillegg til eit eventuelt tilbakebetalingskrav vere aktuelt. Dette finn du meir informasjon om i avsnitt 7 av «søkjerettleiing RÅK-tilskot».
Klage
Du kan klage på eit vedtak. Klagen sender du til Landbruksdirektoratet. Om direktoratet ikkje gjer om vedtaket, vil Landbruks- og matdepartementet handsame klagesaka.
Reglane om klage finn du i forvaltningsloven kapittel VI. Partane i saka har rett til å gjere seg kjend med saka sine dokument etter forvaltningsloven sin § 18 til 19.
Fristen for å klage er 3 veker.
Viktige datoer
Frist for å melde inn reseptar
Innen utgången av den kalendermåneden du solgte varene du skal søkje om prisnedskrivningstilskott for.
Frist for å søkje tilskot
I løpet av kalendermånaden etter varene blei solgt.