Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rapportere egg som er levert til eggpakkeri

Rapporteringa fungerer som grunnlag for refusjon av distriktstilskot eggpakkeriet har utbetalt til produsent og søknad om frakttilskot. Den er også grunnlag for omsetnadsavgift og forskingsavgift.

Kven skal rapportere?

Eggpakkeri skal rapportere og kan søke om tilskot.

Om prosessen:

Før du rapporterer

Kva for tilskot du kan be om refusjon for

Rapporteringa er grunnlag for refusjon av distriktstilskot for egg.

Kva for tilskot du kan søke om

Rapporteringa er grunnlag for søknad om frakttilskot for egg.

Kva for avgift inngår i oppgjeret

Rapporteringa gir grunnlag for desse avgiftene

  • omsetnadsavgift
  • forskingsavgift

Kort om ordninga

  • Eggpakkeri pliktar å sende ein fullstendig og korrekt rapport innan rapporteringsfristen.
  • For å få frakttilskot må eggpakkeriet vere registrert hos Landbruksdirektoratet, og hente minst 500 000 kilo egg per år frå produsent utanom eiga verksemd.
  • For å få kunne formidle distriktstilskot må eggpakkeri hente minst 500 000 kilo egg per år frå produsent utanom egen verksemd.
  • Distriktstilskot blir gitt til føretak i Vestland, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark.
  • Eggpakkeri skal krevje inn omsetnadsavgift av egg som er levert til pakkeriet, og betale avgifta. Omsetnadsavgifta kan bli endra gjennom året, dersom marknadssituasjonen for egg endrar seg.
  • Viss eggpakkeriet er den som første gong får egg frå føretak med eggproduksjon, skal pakkeriet betala forskingsavgift.  

Desse pakkeria er registrert hos Landbruksdirektoratet

  • Den Stole Hane AS
  • Jonas H. Meling AS
  • Toten Eggpakkeri AS
  • Rias Pakkeri AS
  • Nortura SA med avdeling Heimdal, avdeling Hå og avdeling Rakkestad

Nytt eggpakkeri

Nye eggpakkeri som ønsker å bli godkjent som tilskotformidlar, kan ta kontakt med Landbruksdirektoratet.

Korleis rapportere

Rapportere

Eggpakkeriet skal rapportere direkte til Landbruksdirektoratet via rapporteringstenesta. Ta kontakt med Landbruksdirektoratet for meir informasjon.

Rapporteringsfrist: Innan den 15. kvar månad.

Rapporteringsfila skal innehalde

  • organisasjonsnummer for eggpakkeri
  • organisasjonsnummer for produsent
  • kommunenummer
  • kilo egg som er avrekna
  • år og månad rapporten gjeld for 
  • om produksjon er økologisk
Behandling av data

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått elektronisk rapportering, blir opplysningane lese inn i fagsystemet til direktoratet.

Ved rapportering bekreftar eggpakkeriet at opplysningane er fullstendige og korrekte.

Behandling

Landbruksdirektoratet bruker opplysningane til å kontrollere grunnlaget for omsetnadsavgift på egg som eggpakkeri krev inn frå eggprodusentar på vegne av direktoratet, og forskingsavgift som eggpakkeriet skal betale direktoratet for egg dei har kjøpt frå produsent. Dei same opplysningane er grunn for eventuell refusjon av distriktstilskot og søknad om frakttilskot.

Landbruksdirektoratet bereknar kor mykje tilskot eggpakkeriet skal få refundert eller utbetalt, og motreknar dette mot avgifter som eggpakkeriet skal betale. Oppgjeret blir utbetalt eller fakturert, avhengig av om det er Landbruksdirektoratet eller eggpakkeriet som skylder den andre pengar.

Oppgjer

Svar

Eggpakkeriet får svar på rapporteringa i form av ein faktura, normalt 1 veke etter rapporteringsfristen.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i avrekning, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet. Dersom eggpakkeriet ikkje rapporterer innan tidsfristen kan det medføre at tilskotet blir heldt tilbake, eller trekk i seinare tilskot. 

Revisorattestert årsoppgåve

Etter årets slutt skal eggpakkeriet sende revisorstadfesta oppgåve over kor mykje egg som er levert til pakkeriet, og kor mykje omsetnadsavgift som er trekt og kor mykje forskingsavgift som er betalt.

Revisjons- og kontrollskjema for omsetnings- og forskningsavgift for egg

Viktige datoer

Rapporteringsfrist:

15. i månaden etter at eggane blei avrekna.

Revisorattestert årsoppgåve:

Innan 15. februar kvart påfølgande år.

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk