Til hovedinnhold

Rapportere grunnlag for prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôr

For føretak som skal rapportere og betale prisutjamningsbeløp for kraftfôrblandingar til husdyrproduksjon.

Kven skal rapportere?

Den som tilverkar kraftfôr til husdyrproduksjon skal betale eit prisutjamningsbeløp for nærmare definerte råvarer som blir nytta i tilverkingsprosessen. Det skal også betalast prisutjamningsbeløp dersom slike råvarer blir anvendt som kraftfôr til husdyrproduksjon.

Om prosessen:

Før du rapporter

Kva du skal rapportere

Du skal rapportere

  • sildemjøl/fiskemjøl
  • soyamjøl
  • erteprotein
  • ertestivelse
  • erteskal
  • erteavsikt
  • glyserol
  • stivelseskonsentrat åkerbønner

Kort om ordninga

  • Prisutjamningsbeløp er ei avgift som blir ilagt kraftfôrråvarer som produserast i Noreg til prisen i verdsmarknaden.
  • Føremålet med prisutjamningsbeløpet er å sikre like konkurransevilkår mellom desse varene og andre råvarer til kraftfôr.
  • Føretak som pliktar å betale prisutjamningsbeløp skal
    • rapportere grunnlag for, og betale prisutjamningsbeløp
    • oppfylle intensjonane til jordbruksavtalen
    • administrere tollvernet
Utfylling av rapport

Skjema

Det finnast ikkje eit eige skjema for å rapportere grunnlag for prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôr. For å rapportere skal du sette opp ei eiga rapportoversikt.

Satsar for prisutjamningsbeløp

Kraftfôr/kraftfôrråvareSats, kr per tonnFrå og medTil og med 
Silde-/fiskemel 0,001.3.202631.3.2026
Soyamel 0,001.3.202631.3.2026
Ertestivelse 0,001.3.202631.5.2026
Erteprotein 0,001.3.202631.3.2026
Erteskall 0,001.3.202631.5.2026
Avrens erter505,981.3.202631.5.2026
Glyserol 0,001.3.202631.5.2026
Stivelseskonsentrat åkerbønner1 223,551.3.202631.5.2026

Rapporten skal innehalde

  • kven som rapporterer
  • kontaktinformasjon
  • kva periode rapporten gjeld for
  • kvantum, fordelt på type råvare som blir brukt i tilverkingsprosessen
  • selt kvantum fordelt på type råvare

Sende rapport

Send rapporten til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 56, 7701 Steinkjer.

Når Landbruksdirektoratet har motteken søknaden, får du ei stadfesting på e-post eller som brev i posten.

Behandling av rapport

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har motteke søknaden vert opplysningane du har sendt inn sjekka. Ved behov for meir informasjon kan direktoratet be om dette.

Behandling

Landbruksdirektoratet handsamar rapporten, bereknar avgifta du skal betale og gjer vedtak.

Kva du skal betale blir rekna ut frå rapportert kvantum og satsar for prisutjamningsbeløp. Satsane blir fastsette normalt kvar månad ut frå mellom anna målpris og verdsmarknadspris.

Kontroll

Rapporten kan bli tatt ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje naudsynte opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at sakshandsaminga  tek lenger tid.

Innbetaling

Faktura

Du vil få ein faktura med prisutjamningsbeløpet du skal betale på e-post eller i posten.

Betalingsfrist: den 15. i månaden etter at forbruket fann stad.

Du kan betale direkte til engrosforhandlar

Viss du har kjøpt soyamjøl, sildemjøl/fiskemjøl og andre råvarer det skal betalast prisutjamningsbeløp for, frå engrosforhandlarar og Norgrain AS, kan du betale prisutjamningsbeløpet direkte til desse.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil handsame klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Årleg kontroll

Landbruksdirektoratet gjennomfører årlege kontrollar. Du pliktar å godta kontroll, gje naudsynte opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Viss det blir avdekt avvik i slike kontrollar blir verdien av avviket anten krev inn eller godskrive.

Viktige datoer

Rapporteringsfrist:

Den 7. i månaden etter at forbruket fann stad.

Betalingsfrist:

Den 15. i månaden etter at forbruket fann stad.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk