Til hovedinnhold

Rapportere matsvinn i grøntsektoren for pakkeri og råvaremottak

For pakkeri og råvaremottak til industri av frukt, bær, grønsaker og poteter.

Kven skal rapportere

Pakkeri og råvaremottak til industri skal registrere og rapportere matsvinn. Dette inkluderer også pakkeri av ferske grønsaker, frukt, bær og poteter.

Om prosessen:

Før du rapporterer

Kva du skal rapportere

Du skal rapportere

  • total mengd råvarer som er registrert inn i råvaremottaket (dvs. inklusiv det som blir utsortert og anna svinn) gjennom kalenderåret. Du må registrere alle produkt, òg dei som ikkje har matsvinn.
  • totalt matsvinn gjennom kalenderåret. For dei produkta som ikkje har matsvinn, skriv du null i matsvinn-feltet i spørjeundersøkinga.
  • eventuelt matsvinn frå produkt med utanlandsk opphav.

Kva du IKKJE skal rapportere

Du skal ikkje rapportere

  • eit avvist parti som pakkeriet/industriføretaket returnerer til jordbruksføretaket. Dette skal bli kartlagt og registrert av jordbruksføretaket.
  • jord, stein, plast og alt anna som ikkje tilhøyrar planta
  • poteter som går til avreins (avreins er ikkje matsvinn)
  • produkt som pakkeriet sel vidare som menneskemat
  • produkt som pakkeriet sel vidare til næringsmiddelindustri
  • matsvinn som oppstår i den industrielle foredlinga av råvarene etter at dei er sortert i råvaremottaket (Matvett/NORSUS kartlegg dette matsvinnet i industrileddet)

Definisjon på matsvinn

Målinga av matsvinner følgjer definisjonen i Bransjeavtalen:

«Matsvinn omfattar alle nyttbare delar av mat produsert for menneske, men som anten kastast eller tas ut av matkjeda til andre formål enn menneskeføde, frå tidspunktet når dyr og plantar er slakta eller hausta. Som følgje av denne definisjonen reknast det som matsvinn når nyttbare delar av mat produsert for menneske endar som mellom anna dyrefôr».

Kort om ordninga

  • Det er signert ein bransjeavtale om å redusere matsvinnet i Noreg. Denne er signert av mellom anna Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
  • Den norske bransjeavtalen har som mål å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. Dette skal bli berekna for heile matkjeda.
  • Gjennom avtalen pliktar avtalepartane å registrere og rapportere matsvinn.
  • Pakkeri skal registrere matsvinn gjennom året og rapportere summen av matsvinnet i etterkant av kalenderåret til Landbruksdirektoratet.
  • Presseri, fryseri, ferskforedlingsindustri og konservesindustri som får råvarer frå jordbruksføretaka skal registrere matsvinn som oppstår når råvarene blir sortert i råvaremottaket, gjennom året. Dette tel som matsvinn i primærleddet, og skal i etterkant av kalenderåret bli rapportert til Landbruksdirektoratet.

Dette bør du førebu

Du må sørge for å registrere og lagre opplysningar om matsvinn i eiga verksemd gjennom året, slik at du kan rapportere dette i etterkant av kalenderåret. Du kan bruke disse hjelpearka for å gjere det lettare å fylle ut spørjeundersøkinga.

Retningslinjer for måling og dokumentasjon

  • Ein kan kartlegge matsvinn på ulike måtar, og kvart enkelt føretak må velje den metoden som er best eigna for eige drift.
  • Matsvinnet kan bli kartlagt anten ved å vege, berekne ut frå volum, scanne, telje, føre matkastedagbok, gjennomføre plukkanalyse og massebalansar.
  • Les meir om dette under «Hvordan registrere matsvinn?» i Veileder for pakkeri og råvaremottak i industri m.v. om registrering av matsvinn i grøntsektoren.
  • Føretaket må i rapporteringa skilje mellom følgande bruk av matsvinnet:
    • Husdyrfôr
    • Biobrensel
    • Kompost
    • Grøngjødsling
    • Avfall
    • Anna (poteter til avreins blir IKKJE rekna som matsvinn)
Utfylling av rapporten

Spørjeundersøking

Landbruksdirektoratet vil kvart år kontakte verksemdene direkte for å rapportere matsvinn før det førre kalenderåret, og der vil det ligge lenke til undersøkinga som skal bli svart på.

Dersom du ikkje har fått førespurnaden, kan du trykke her

Rapporteringsfrist: 1. september 2025

Etter fristen vil Landbruksdirektoratet ringe rundt for å få inn manglande svar.
 

Mottak og bruk

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått rapporten sjekkar vi opplysningane du har sendt inn. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.

Behandling

Vi samanstiller opplysningar om matsvinn for grøntsektoren, og for heile jordbrukssektoren. Landbruksdirektoratet vil publisere desse samanstilte tala kvart år. Dataa inngår også i hovudrapporteringane for 2020, 2025 og 2030 i Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.

Kva opplysningane blir brukt til

Statistikkgrunnlag frå ulike ledd i matkjeda gir informasjon om omfang og årsaker til matsvinn, og blir brukt mellom anna som grunnlag for å vurdere tiltak for å redusere matsvinnet. Gjennom hovudrapporteringane vil man kunne sjå om matkjeda som heilskap, og dei ulike ledda, når måla om reduksjon av matsvinn.

Viktige datoer

Rapporteringsfrist:

1. september

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet ved Mikael Meland Leksen.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk