Rapportere mjølk etter lokal foredling
Rapporteringa gir grunnlag for utbetaling av pristilskot ku- og geitemjølk, grunntilskot geitemjølk og grunntilskot økologisk mjølk, fråtrekt omsetningsavgift og forskingsavgift.
Kven skal rapportere?
Gjeld rapportering av mjølk som foredlingsføretak får direkte frå produsent. Foredlingsføretak skal rapportere sal av lokalt foredla mjølkeprodukt.
Om prosessen:
Før du rapporterer
Kva du skal rapportere
Foredlingsføretak som får mjølk direkte frå produsent, nyttar den til lokal foredling og omset produkta lokalt, skal rapportere seld mengd i kg eller liter av lokalt forelda mjølkeprodukt.
Kort om ordninga
- Føretak med småskala foredling av mjølk, skal minst éin gong i året sende ei samla oppgåve over mengd foredla og selde produkt.
- Mjølk omsett etter lokal foredling kan gi rett til pristilskota, grunntilskot og pristilskot ku- og geitemjølk, og det skal bli betalt omsetnadsavgift og forskingsavgift for mjølk som blir omsett som foredla produkt. For mjølk produsert ut over kvote eller lokalforedlingskvote skal det i tillegg bli betalt overproduksjonsavgift. Frå 1. januar 2024 blei det innført grunntilskot på økologisk mjølk på kr 0,40 per liter. Dette blir utbetalt til føretak som har Debio-godkjent, økologisk mjølkeproduksjon.
- Den omrekna mjølkemengda er grunnlag for berekning av avgiftene og tilskot.
- Det er berre selt vare, og ikkje produsert vare, som skal bli rapportert inn på den månaden vara blei selt.
- Foredling av mjølk fell utanfor prisutjamningsordninga, med mindre det blir foredla flytande mjølkeprodukt som svarer til meir enn 200 000 liter anvendt mjølk eller faste mjølkeprodukt som svarer til meir enn 500 000 liter anvendt mjølk.
For å få utbetalt pristilskot må foredlingsføretaket oppfylle krav i
Rapportering etter 1. februar gir som hovudregel ikkje rett til tilskot, men er likevel grunnlag for innkrevjing av avgifter.
Frivillige fristar: 15. april, 15. juli og 15. oktober er frivillige fristar for dei som ønsker utbetaling av tilskot oftare enn éin going i året. Tilskot og avgifter blir avrekna etter utløpet av fristen.
Dette må du førebu
Foredlingsføretaket må bli registrert i Leveransedatabasen, før rapportering er mogleg. Før dette blir gjort må foredlingsføretaket sende kopi av registrering eller godkjenning frå Mattilsynet, saman med siste tilsynsrapport som stadfestar at verksemda har produksjon, til Landbruksdirektoratet. Føretak som rapporterer inn seld brunost, må i tillegg sende skriftleg dokumentasjon på korleis osten er produsert.
Utfylling av rapport
Skjema
Gå til skjema Rapportering av melk etter lokal foredling via Altinn, for å rapportere. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Når du er logga inn vises tre faner: «innrapportering», «tidligere innrapporteringer» og «leveranser». Gå til «Innrapportering» for skjemaet du skal nytte.
Merk! Du skal fylle inn eitt skjema for kvar rapporteringsmånad.
Hugs rapporteringsfristen: 1. februar året etter at salet fann stad.
I skjemaet skal du registrere
- År og månad som rapporteringa gjeld for
- Mengd kilo eller liter mjølkeprodukt som er omsett av dei aktuelle produkta
- Fordel omrekna mengd liter mjølk på kumjølk og/eller geitemjølk
- Trekk frå mengd liter innkjøpt mjølk frå Tine viss det er brukt i produksjonen
- Fordel mengd liter mjølk på dei produsentane som har levert mjølk til foredlingsføretaket (kontonummeret til produsentane blir henta frå Landbruksregisteret)
- Om mjølkeprodusenten har Debio-godkjent, økologisk mjølkeproduksjon
For mengd kilo eller liter mjølkeprodukt som er omsett, er det berre omsett mengd som skal bli rapportert. Det er viktig at varen blir plassert i riktig produktgruppe slik at varen blir omrekna til riktig mjølkemengd. Omrekninga til mengd liter mjølk skjer automatisk. Det kan bli lagt inn tal med 2 desimalar, men omrekna mengd liter vil bli vist som heile tal. Når same mjølk blir nytta i fleire produkt, skal berre hovudproduktet bli rapportert. Dette gjeld til dømes når det blir produsert smør, rømme/fløyte og pultost, då blir smør og rømme/fløte eller pultost rapportert. Brunost som blir laga av mysa skal ikkje bli rapportert.
Sende inn
Når «Send inn»-knappen blir blå, er skjemaet riktig utfylt og kan bli sendt inn. Dersom «Send inn»-knappen er grå, er ikkje skjemaet riktig utfylt og kan ikkje bli sendt inn. Det vil vere ein rød strek under dei felta som manglar utfylling eller som ikkje er korrekt utfylt. Når desse blir riktig fylt ut, blir «Send inn»-knappen blå, og skjemaet kan bli sendt inn.
Rette opp i feil
Dersom du oppdagar at noko er feil i skjemaet som er sendt inn, kan du rette dette ved å sende inn eit nytt skjema med korrekte tal for same periode. Du får då melding om at det allereie er rapportert for den perioden, men viss du likevel sender inn nytt skjema vil det førre bli overskrive. Viss perioden er behandla av saksbehandlar, er det ikkje mogleg å korrigere han.
Tidlegare innrapporteringar
Du kan søke etter rapporteringar for eit ønskt år eller alle rapporteringar som ligg i basen.
Ved å trykke på ei linje får du opp bilete av kva som er rapportert for perioden. Ved å trykke på «Last ned innrapportering» får du opp skjemaet som viser kva som er rapportert for perioden i pdf-format til utskrift. Alle tal unntatt omrekningsfaktor er utan desimalar. Det er markert med «Ja» eller «Nei» om perioden er saksbehandla og avrekna.
Mjølkemengd per produsent
Mjølkemengd per produsent kan du finne under «Leveranser». Her finn du omrekna mjølkemengd per produsent for dei innrapporterte periodane. Du kan søke opp mjølkemengd for eitt år av gongen.
Behandling av rapporten
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar rapporteringa, og gjer vedtak. Landbruksdirektoratet kan be om meir informasjon rundt produkt og bruk av omrekningsfaktor. På grunnlag av omrekna mjølkemengd blir tilskot og avgifter berekna. Det blir sendt ut kreditnota eller faktura til mjølkeprodusenten direkte frå Landbruksdirektoratet.
Kontroll
Rapporten kan bli tatt ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tar lenger tid.
Oppgjer
Oppgjer for produsent
- Produsenten får pristilskot, og omsetnadsavgift og forskingsavgift blir kravd inn ved motrekning i utbetaling av tilskotet. Landbruksdirektoratet sender kreditnota.
- Dersom produsenten ikkje får tilskot eller tilskotet er lågare enn avgiftene, sender Landbruksdirektoratet faktura.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Rapporteringsfrist:
1. februar året etter at salet fann stad.
Frivillige fristar:
15. april, 15. juli og 15. oktober.
Regelverk
- Forskrift om søknads- og rapporteringsfrister for pristilskudd og formidling av pristilskudd i landbrukssektoren (lovdata.no)
- Forskrift om forskningsavgift på landbruksprodukter (lovdata.no)
- Forskrift om kvoteordningen for melk (lovdata.no)
- Forskrift om pristilskudd i landbrukssektoren (lovdata.no)
- Forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk (lovdata.no)
- Forskrift om innkreving av omsetningsavgift og overproduksjonsavgift (lovdata.no)
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.