Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rapportere prisutjevningsordninga for mjølk

Meieriselskap som deltek i prisutjamningsordninga for mjølk, skal kvar månad rapportere sal av produkt og avrekne tilskot og avgifter.

Kven skal rapportere?

Meieriselskap som deltek i prisutjamningsordninga, skal rapportere. Ordninga gjeld for meieriselskap som nyttar meir enn 200 000 liter mjølk per år til produksjon av flytande mjølkeprodukt, eller 500 000 liter mjølk per år til produksjon av produkt i fast form. Meieriselskap er føretak som kjøper utilarbeidd mjølk til å foredling av mjølk og mjølkeprodukt. Ordninga gjeld ikkje mjølk og biprodukt som vert foredla i utlandet med mindre mjølka er produsert i Noreg og mjølkeproduktet vert omsett i Noreg.

Om prosessen:

Før du rapporterer

Kva du skal rapportere

For meieriselskapet skal du rapportere

  • sal av mjølkeprodukt justert for lagerendringar
  • grunnlag for avrekning av avgifter og tilskot basert på kor mykje råvare som er nytta i dei ulike pris- og biproduktgruppene
  • grunnlag for avrekning av geografiordningar og andre delordningar

Omrekningsfaktorar

Ein nyttar omrekningsfaktorar for å rekne ut kor mykje råvare (kumjølk, geitemjølk, fløyte eller myse) som har gått med i produksjonen. Omrekningsfaktorane som vert nytta i avrekninga vert fastsette av Landbruksdirektoratet. For å rekne seg fram til omrekningsfaktorane nyttar ein eit normtal for fett- og tørrstoffinnhald i dei råvarene som inngår i produksjonen. Ein tek òg omsyn til normtal for svinn ved produksjon og sal av produktet.

Ta kontakt med seksjon for næringsmiddelindustri for å få fastsett omrekningsfaktorar.

Kort om ordninga

  • Prisutjamningsordninga for mjølk regulerer prisdifferensiering av mjølk som råvare til ulik bruk. Ordninga gjev òg mjølkeprodusentar moglegheit til å oppnå målpris på mjølk, uavhengig av kva mjølka vert nytta til og kor produksjonen er lokalisert.
  • I  prisutjamningsordninga er det både avgifts- og tilskotsordningar. Somme anvendingar av mjølk , som til dømes drikkemjølk, vert ilagd avgift, medan andre anvendingar av mjølk, som til dømes modna ost og tørrmjølk, får tilskot. 
  • Ordninga inneheld hovudsakeleg desse delane:
    • utjamning mellom mjølke- og biproduktanvendingar
    • utjamning for geografiske skilnadar
    • konkurransefremjande tiltak
  •  Mjølke- og produktanvendingane er fordelt  på to marknader, daglegvare- og industrimarkanden, avhengig av kva for marknad som sel produkta. Mjølkeanvendinga er delt inn i fire prisgrupper og mjølkeprodukta vert plassert i ei av desse. Anvendinga av biprodukt vert delt inn i fire biproduktgrupper. Dette er produkt som er basert på fløyte og myse.

    Kvar prisgruppe og biproduktgruppe har ein sats for anten avgift eller tilskot. Landbruksdirektoratet fastset satsane for avgifter og tilskot for dei enkelte pris- og biproduktgruppene i ein eigen forskrift. I utgangspunktet fastset direktoratet satsane ein gang i året. Satsane gjeld frå 1. juli kvart år.
  • Utjamninga for geografiske skilnadar skal gje produsentar lik pris for mjølka uavhengig av kor produksjonen er lokalisert. Meieriselskap som hentar mjølk hos eigne mjølkeprodusentar, kan krevje eit innfrakttillegg. I tillegg kan ein i ordninga òg gje tilskot til distribusjon av drikkemjølk og fløyte i Nord-Noreg og til distribusjon av skolemjølk, under gitte vilkår.
  • Det er tre konkurransefremjande tiltak i prisutjamningsordninga:
    • differensierte avgifter og tilskot
    • særskild distribusjonstilskot
    • spesiell kapitalgodtgjering
Utfylling av rapport

Skjema 

Ta kontakt med seksjon næringsmiddelindustri i Landbruksdirektoratet, så vil dei sende eit rapporteringsskjema.

Frist for rapportering: 15 dagar, rekna frå siste dag i den månaden du rapporterer for.

I rapporten skal du registrere 

  • Sal av mjølkeprodukt, justert for lagerendringar
  • Grunnlag for avrekning av avgifter og tilskot, basert på kor mykje råvare som er nytta i dei ulike pris- og produktgruppene
  • Grunnlag for avrekning av geografiske ordningar og andre delordningar

I tillegg kan du leggje ved eit følgjebrev

Sende rapport 

Gå til Altinn for å laste opp og sende rapporten til Landbruksdirektoratet. Her vert du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.

Når Landbruksdirektoratet har fått rapporten, får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn.

Handsaming av rapporten

Mottak  

Når Landbruksdirektoratet har teke imot rapporten sjekkar direktoratet opplysningane du har sendt inn. Om det er behov for meir informasjon, kan direktoratet be om dette.

Handsaming 

Landbruksdirektoratet handsamar rapporten og gjer ei nettovurdering mellom tilskot og avgifter.

Kontroll 

Landbruksdirektoratet kan take ut rapporten til kontroll. Du pliktar å godtake kontrollen, gje naudsynte opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Om du er teke ut i kontroll, kan handsaminga av saka take lengre tid.

Svar og betaling

Svar 

Direktoratet sender vedtak om netto inn- eller utbetaling per e-post eller brev i posten med faktura eller kreditnota. Direktoratet sender normalt ut vedtak 4-6 veker etter å ha take imot søknaden.

Klage 

Du kan klage på eit vedtak. Klagen sender du til Landbruksdirektoratet. Om direktoratet ikkje gjer om vedtaket, vil Landbruks- og matdepartementet handsame klagesaka.

Fristen for å klage er 3 veker. 

Feil i avrekningar 

Eventuelle feil i avrekningar vert retta opp ved justering i seinare avrekningar, eller som ei eiga avrekning.

Viktige datoar

Rapporteringsfrist:

15 dagar, rekna frå siste dag i månaden det rapporterast for.

Når du får svar på avrekning:

Månadleg

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk