Rapportere vegetabil og honning motteke av omsetningsledd
Rapporteringa blir brukt som grunnlag for å rekne ut forskingsavgifta for omsetningsledda.
Kven dette gjeld
Føretak som kjøper vegetabil og/eller honning direkte frå produsentar, må rapportere dette og betale forskingsavgift. Det same gjeld for eventuell eigenproduksjon hos omsetningsledda som blir selt direkte til forbrukarar eller butikkar.
Om prosessen:
Før du rapporterer
Kva du skal rapportere
Du skal rapportere grunnlaget for forskingsavgifta – altså kor mykje du har betalt produsentar for kjøp av råvarer, og eventuelt kva du har selt eigne varer for.
Kort om ordninga
- Avgifta gjeld norske vegetabil og honning som blir brukt i produksjon av næringsmiddel.
- Næringsmiddelproduksjon inkluderer lagring, klassifisering, sortering, oppdeling og pakking av ubehandla produkt, og produksjon av halvfabrikat som skal bli brukt til konservar og ferdigretter.
- Avgifta gjeld òg ved eigen produksjon som blir selt direkte til forbrukar eller butikk.
- Omsetningsledd er føretak som ei vare passerer gjennom på veg til forbrukar. Det første leddet som kjøper råvarer frå produsenten, skal betale forskingsavgifta – ikkje produsenten sjølv.
- «Vegetabil» omfattar råvarer, halvfabrikata eller ferdigvare av vegetabilsk opphav, under dette; grønsaker, urter, røter, poteter, frukt, bær, bønner, frø, nøtter og mais.
- Anna korn enn mais har eiga rapportering.
- For importerte produkt er det tollregionane ved skattekontora som krev inn forskingsavgifta.
- Forskningsavgifta finansierer forsking og innovasjon i heile verdikjeda – frå primærledd til industri og forbrukar. Målet er å støtte forsking som gagnar ein bransje eller type produksjon. Les meir om forskningsmidlane for jordbruk og matindustri.
Dette må du ha klart
- Fakturabeløp (ekskludert mva) som føretaket har betalt produsentar for innkjøp av vegetabil og honning.
- Salspris for eventuelle eigne produkt som er selt direkte til forbrukar eller butikk.
- Har føretaket revisjonsplikt, må du leggje ved revisorattestert avgiftsgrunnlag ved rapporteringa for 4. kvartal/Hele året med frist 15. februar. Bruk skjemaet Revisjons- og kontrollskjema forskingsavgift på vegetabil og honning (LDIR-482).
Utfylling av rapport
Skjema
Rapporten blir levert i eit digitalt skjema (Nettskjema) som krev innlogging via ID-porten.
Skjema for rapportering på nynorsk
Rapporteringsfristar:
- 15. februar (for 4. kvartal eller heile året før)
- 15. april (for 1. kvartal)
- 15. august (for 2. kvartal)
- 15. oktober (for 3. kvartal)
Dersom fristen fell på ein helge- eller heilagdag, kan du sende skjema første yrkedag etter.
Merk: Dersom det årlege avgiftsgrunnlaget til føretaket er under 3 millionar kroner, du rapportere berre éin gong i året - innan15. februar året etter.
Du må oppgi:
- Kva år og periode rapporten gjeld for
- Namn på føretaket og kontatperson
- Avgiftsgrunnlaget
- Eventuelle merknader
- Revisorattest (ved behov): Skjema LDIR-482,
Behandling av rapporten
Mottak
Landbruksdirektoratet går gjennom det du har rapportert. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar rapporten og bereknar kva føretaket skal betale i forskingsavgift.
Forskingsavgifta blir rekna til 0,35 % av avgiftsgrunnlaget.
Dersom du ikkje rapporterer i tide, kan Landbruksdirektoratet fastsette avgiftsgrunnlaget ved skjønn eller lage retningslinjer for berekning av dette.
Svar og betaling
Svar
Du får faktura på e-post eller i posten. Avgifta må betalast innan fristen. Beløp under 100 kroner blir ikkje kravd inn.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Dersom direktoratet ikkje gjer om vedtaket, blir saka sendt vidare til Landbruks- og matdepartementet.
Viktige datoer
Rapporteringsfrist:
Føretak som har årleg avgiftsgrunnlag på mindre enn 3 mill. kroner, kan rapportere éin gong årleg. Fristen er då 15. februar.
Rapporteringsfrist:
15. april
Rapporteringsfrist:
15. august
Rapporteringsfrist:
15. oktober
Relevant regelverk
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.