Søke om godkjenning som tilskotsformidlar for kjøt
Gjeld slakteri som ønsker å bli godkjent som formidlar av tilskot til kjøtprodusentar.
Kven kan søke?
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke om
Du kan søke om å få slakteriet godkjent som omsetnadsledd for formidling av jordbruksavtalefastsette tilskot.
Godkjente tilskotsformidlarar betaler tilskot saman med utbetaling av jordbruksvarer til produsenten av vara, og søker Landbruksdirektoratet om refusjon for dette tilskotet.
Med omsetnadsledd for kjøt, meiner ein føretak som kjøper kjøt frå produsent for vidare omarbeiding eller sal.
Kort om ordninga
- For å kunne formidle statlege pristilskot til produsentar av jordbruksvarer må omsetnadsleddet
- ha løyve og registreringar som er nødvendige innanfor den typen verksemd som føretaket utøver
- ha eit produksjonsapparat som er eigna til mottak, fordeling og distribusjon, og dessutan annan handtering av dei jordbruksvarene det kan bli gitt tilskot for
- tydeleg synleggjere tilskotsrelaterte avrekningar til produsenten
- gi nødvendige leveransedata i den form som blir kravd innanfor dei rapporteringssystema som Landbruksdirektoratet bruker
- Omsetnadsleddet pliktar å gi alle opplysningar som Landbruksdirektoratet finn nødvendige, inklusive prognosar over forventa mottak av varer som gir rett på tilskot.
- Landbruksdirektoratet kan rette feil i utbetalt tilskot til formidling, anten ved etterbetaling, motrekning eller ved krav om tilbakebetaling frå omsetnadsleddet.
- Dersom omsetnadsleddet driv eller har opptredd i strid med vilkår som tilskotsformidlar eller anna regelverk som regulerer verksemda, kan heile eller delar av tilskotet bli halde tilbake inntil forholdet er retta, og Landbruksdirektoratet kan nekte omsetnadsleddet å fungere som tilskotsformidlar i 3 år.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du legge ved kopi av nødvendige løyve og registreringar frå Mattilsynet.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å søke om godkjenning som omsetnadsledd som opptrer som tilskotsformidlar. For å søke må du sende eit skriftleg fritekstbrev.
Søknadsfrist: Løpande.
Søknaden skal innehalde
- kven som søker
- kontaktinformasjon
- kva du søker om
I tillegg skal du legge ved kopi av nødvendige løyver og registreringar frå Mattilsynet.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, N-0116 Oslo.
Når Landbruksdirektoratet har motteke søknaden, får du ei bekrefting på e-post eller som brev i posten.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har motteke søknaden, blir opplysningane du har sendt inn sjekka. Ved behov for meir informasjon, vil direktoratet be om dette.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli tatt ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tar lenger tid.
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten, normalt 2 veker etter at søknaden er motteken.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
Løpande.
Når du får svar:
Normalt 2 veker etter at søknaden er motteken.