Søke om godkjenning som tilskotsformidlar for ull og skinn
For slakteri og ullstasjonar som ønsker å bli godkjent som formidlar av tilskot til ull- og skinnprodusentar.
Kven kan søke?
Slakteri og ullstasjonar kan søke om godkjenning.
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke om
Du kan søke om å få slakteriet eller ullstasjonen godkjent som omsetnadsledd, for formidling av tilskot til ull og skinn som er fastsett i jordbruksavtalen.
Godkjente tilskotsformidlarar utbetaler tilskot saman med betaling for vare til produsenten, og søker Landbruksdirektoratet om refusjon for dette tilskotet.
Med omsetnadsledd for ull og skinn, meiner ein føretak som kjøper ull og skinn frå produsent for vidare omarbeiding eller sal.
Kort om ordninga
- For å kunne formidle statlege pristilskot til produsentar av jordbruksvarer må omsetnadsleddet
- Ha løyve og registreringar som er nødvendige innanfor den type verksemd som føretaket utøver
- Ha eit produksjonsapparat som er eigna til mottak, foredling og distribusjon, og dessutan annan handtering av dei jordbruksvarene det kan bli gitt tilskot for
- Tydeleg synleggjere tilskotsrelaterte avrekningar til produsenten
- Gi nødvendige leveransedata i den form som er kravd innanfor dei rapporteringssystema som Landbruksdirektoratet bruker
- Omsetnadsleddet pliktar å gi alle opplysningar som Landbruksdirektoratet finn nødvendig. Det inkluderer prognosar over forventa mottak av varer som har rett på tilskot.
- Landbruksdirektoratet kan rette feil i utbetalt tilskot til formidling, anten ved etterbetaling, motrekning eller ved krav om tilbakebetaling frå omsetnadsleddet
- Dersom omsetnadsleddet driv eller har opptredd i strid med vilkår som tilskotsformidlar eller anna regelverk som regulerer verksemda, kan heile eller delar av tilskotet bli halde tilbake fram til forholdet er retta. Landbruksdirektoratet kan også nekta omsetnadsleddet å fungere som tilskotsformidlar i 3 år.
- Ullstasjonar må i tillegg
- Ha minst ein godkjent klassifisør for ull som har gjennomført kurs og bestått sertifisering i klassifisering av ull, arrangert av Animalia v/ Fagtjenesten for ull
- Ha minst éi ullpresse i lokala
- Ha tilfredsstillande vekter for vareomsetnad i lokala
- Klassifisere all ull som blir motteken i samsvar med kvalitetsklassane som er fastsett i Norsk Ullstandard (klassar som ikkje får tilskot kan bli slått saman)
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du legge ved kopi av nødvendige løyve og registreringar frå Mattilsynet.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å søke godkjenning som tilskotsformidlar. For å søke må du sende eit skriftleg fritekstbrev.
Søknadsfrist: Løpande.
Søknaden skal innehalde
- Kven som søker
- Kontaktinformasjon
- Kva du søker om
I tillegg skal du legge ved kopi av nødvendige løyve og registreringar frå Mattilsynet.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 56, 7701 Steinkjer.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden blir opplysningane du har sendt inn sjekka. Ved behov for meir informasjon, ber vi om dette.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli tatt ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tar lenger tid.
Svar
Du får svar på søknaden i Altinn. Vi behandlar søknadar etter kvart som dei kjem inn.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
Løpande
Når du får svar:
Fortløpande