Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Søke om messekvote

Gjeld søknad om kvotar for kjøt til bruk på messer.

Husk Søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søke?

Dersom føretaket ditt skal delta på ei varemesse, ein matfestival eller liknande kan du søke om kvotedel av Messekvoten. Arrangementet føretaket skal delta på må vere opent for alle. Om prosessen:

Om prosessen:

Før du søker

Kva du kan søke om

  • Kvotedel av messekvoten.

 

Kvoten har følgande vareomfang, mengd og tollavgiftssats

Kvotenamn 

Varenummer i tolltariffen 

Mengd (tonn) 

Tollavgiftssats (kr/kg) 

Kjøt til messer og liknande 

Kap. 2 og 16 

35 

2,40 

 

Vilkår

  • Kjøtet eller kjøtprodukta skal bli brukt til gratis smaksprøvar til besøkande på varemesser, matfestivalar og liknande med open inngang for alle.
Utfylling av søknad

Søknad

Gå til skjema for kvote via Altinn. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn. Vi tar ikkje imot søknadar på e-post.

For å søke om ein del av kvoten må du først søke opp den aktuelle kvoten inne i søknadssystemet. Trykk på kvoten og deretter trykk på «Søk om kvoteandel».

Du må oppgi mengda føretaket ønsker av kvoten i eit eige felt i søknaden.

I feltet «kommentar til søknaden» kan du oppgi føremålet med messa, når arrangementet skal vere og mengd forventa besøkande. Vi tilrår å laste opp tilleggsdokumentasjon som nærare beskriv arrangementet føretaket ønsker å bruke kvotedelen til.  

Behandling av søknaden

Behandling

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.

  • Kvoten blir fordelt etter søknadsfristen, basert på søknadar mottekne i det elektroniske søknadssystemet.
  • Dersom den totale mengda det blir søkt om overstig tollkvoten, blir mengda forholdsmessig avkorta mellom søkarane.
  • Landbruksdirektoratet kan fastsette minimums- og maksimumsdel ein kvotesøkar kan få tildelt.
Svar på søknaden

Svar

Du får beskjed på e-post om at søknaden er ferdig behandla. Du må logge inn i søknadssystemet for å sjå sjølve vedtaket.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Les meir om retten til å klage i forvaltningslova kapittel VI. Du kan også be om å få sjå dokumenta i saken, jf. forvaltningslova §§ 18 til 19.

Klagefrist: 3 veker.

Viktige datoer

Søknadsfrist:

20. oktober året før kvoten er gyldig. Dersom det er noko igjen av kvoten etter tildeling, kan ein søke om kvotedel også etter at fristen har gått ut.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk