Søke om tollkvote for Islandshest
Gjeld søknad om tollavgiftsfri kvote for kjøp av Islandshest frå Island.
Hvem kan søke?
Privatpersonar og føretak kan søke om tollavgiftsfri kvote for kjøp av Islandshest frå Island. For mindreårige (under 18 år) må verja søke.
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke om
Du kan søke om
- tollavgiftsfri kvote for kjøp av Islandshest frå Island
- inntil fem hestar per importør
Kort om ordninga
Kvote for islandshest er underlagt dei same føresegnene som for annan import av levande hest. Dette gjeld mellom anna føresegner om dyrehelse- og meirverdiavgift etter regelverk gitt av Mattilsynet og tollstyresmaktene.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjema Tollkvote for Islandshest (LDIR-705), for å søke.
Søknadsfrist: frå 1. november året før kvoten er gyldig.
Kvotar blir tildelt etter «førstemann til mølla» prinsippet.
I skjemaet skal du registrere
- kven som søker
- korleis du fekk kjennskap til ordninga
- talet på hestar du søker tollkvote for
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 56, 7701 Steinkjer.
Når Landbruksdirektoratet får søknaden på e-post, får du ei bekrefting på at e-posten er motteken.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har motteken søknaden blir opplysningane du har sendt inn sjekka. Ved behov for meir informasjon vil direktoratet be om dette.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli tatt ut i kontroll. Du plikter å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tar lenger tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten, innan 10 arbeidsdagar etter at søknaden er motteken.
Dersom søknaden blir innvilga, får du tilsendt eit importløyve. Denne må du ha tilgjengeleg ved innførsel. Viss du ikkje brukar kvoten, meld frå til Landbruksdirektoratet så fort som mogleg. Da kan kvotedelen bli omfordelt til andre søkarar.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbaketrekking av tildelt kvotedel og tap av rett til å bli tildelt tollkvotar
Ved brot på reglane i forskrifta eller vilkår fastsett med heimel i forskrifta, kan Landbruksdirektoratet trekke heile eller deler av kvotedelen tilbake og/eller bestemme at kvotesøkar, bodgivar eller kvoteeigar mister tilgang til å bli tildelt kvotedelar etter denne forskrifta i inntil tre år.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Frå 1. november året før kvoten er gyldig
Når du får svar:
Innan 10 arbeidsdagar etter at søknaden er motteken