Søkje om importløyve for utanlands tilarbeiding
Ordninga legg til rette for at norsk næringsmiddelindustri kan gjere produksjonstilpassingar ved å produsere næringsmiddel utanlands.
Kven kan søkje?
Alle føretak som er registrerte i Føretaksregisteret i Brønnøysundregisteret, kan søkje om løyve til utanlands tilarbeiding.
Om prosessen:
Før du søkjer
Du kan søkje om tollavgiftsnedsetjing for
Landbruksvarer som oppfyller vilkåra i forskrift om tollavgiftsnedsettelser for landbruksvarer som gjeninnføres etter bearbeiding i utlandet (UB-forskriften).
Unntak
Om du skal gjeninnføre ei vare som er klassifisert på eit varenummer med kvote, må du fyrst ha ei kvote for dette. Les meir om auksjonssystemet for tollkvoter her.
Kvotevarer er varer som er klassifiserte under følgjande kapittel i tolltariffen:
- Kjøt og spiseleg slakteavfall i kapittel 2
- Mjølk og meieriprodukt i kapittel 4
- Tilarbeidde produkt av kjøt og fisk i kapittel 16
Kort om ordninga
Den vara ein søkjer tollavgiftsnedsetjing for må oppfylle villkåra i UB-forskriften.
Når du søkjer, stiller Landbruksdirektoratet stiller følgjande krav til dokumentasjonen:
- dokumentasjon må tydeleg vise at den kjem frå produsent
- dokumentasjon må tydeleg vise alle ingrediensane i produktet
- dokumentasjonen må vise prosentvis innhald av alle råvarer som er relevante for å rekne ut tollavgift
- dokumentasjonen må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk
- fakturanemning i søknaden og produktnamn på dokumentasjonen må kunne knytast til kvarandre
Som importør er du ansvarleg for at søknaden er korrekt, og at vilkåra i § 3 i UB-forskriften er oppfylte. Krava til dokumentasjon må vere oppfylte.
Dette bør du forberede
- Før du sender inn søknaden, må du vite kva for varenummer ferdigvara du skal gjeninnføre skal klassifiserast under i tolltariffen.
- I tillegg må du vite varenummeret for alle råvarene i ferdigvara. Dette gjeld både dei råvarene du sender ut av Noreg for tilarbeiding, og dei du eventuelt tilset i utlandet.
Om du er usikker på kva for varenummer frå tolltariffen du skal nytte, må du ta kontakt med tolletaten. Som importør er du sjølv ansvarleg for å oppgje rett varenummer. Me anbefaler at du søkjer tolletaten om eit bindande klassifiseringsutsegn (BKU) om du er usikker. Du kan lese meir om klassifisering på tolletaten sine nettsider.
Utfylling av søknad
Logg inn på tenesta for tollavgiftsnedsetjing ved import av landbruksvarer og tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) via Altinn for å søkje. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Søknadsfrist: løpande
Du må søkje om løyve til utanlands tilarbeiding i god tid før utførsel av råvarene skal finne stad. Det er eit ufråvikeleg krav om at importør må ha fått innvilga løyvet før råvara vert send ut av Noreg.
I skjemaet skal du registrere
- Kven som søkjer
- Kva søknaden gjeld, og kva for kvantum du søkjer om
- Innhald av råvarer pr kilo ferdigvare
I tillegg skal du leggje ved dokumentasjon frå produsent som
- Viser alle ingrediensane i produktet
- Viser prosentvis innhald av alle råvarer som er relevante for å rekne ut tollavgift
- Er på engelsk eller eit skandinavisk språk
Det må kome klart fram av dokumentasjonen at den kjem frå produsent.
Fakturanemning i søknaden og produktnamn på dokumentasjonen må kunne knytast til kvarandre.
Om du ikkje har moglegheit til å søkje digitalt kan du nytte søknadsskjema for innføring av landbruksvarer innanfor ordninga med utanlands tilarbeiding (andre landbruksvarer, LDIR-719). Send søknaden på e-post eller som eit brev i posten.
Kvoterettar og forlenging av løyve
Har du kvote for utanlands tilarbeiding, kan du søkje om uttak av denne. Du fyller ut søknaden på same måte som i skildringa over.
For å forlengje eit gyldig løyve for utanlands tilarbeiding innanfor kvoteperioden, kan du trykkje på «forleng løyvet» i søknadssystemet. Det må vere eit identisk produkt for at du skal kunne nytte denne løysinga. Er ikkje produktet identisk, må du søkje om eit nytt løyve på vanleg måte.
Ved overgangen mellom to kvoteperiodar, kan ein søkje om forlenging dersom det er sendt ut råvarer for bearbeiding, som ikkje vil returnere til Noreg før kvoteperioden er utgått. Søknaden må sendast før kvoteperioden og løyvet går ut. I kommentarfeltet opplyser du kva løyve som skal forlengjast og kor lang gyldigheit eit nytt løyve skal ha. Du må også ha tilgjengeleg kvote på søknadstidspunktet.
Eksempelvis må råvarer som er sende ut i 2025, og ikkje kjem tilbake til Noreg ferdigbehandla før i 2026, ha gyldig løyve ut i 2026. Søknad om eit slikt løyve må sendast før 31.12.2025.
Stoppe gyldige løyve
Du kan sjølv stoppe gyldige løyve i søknadssystemet. Før du stoppar eit løyve, må du vite kor mykje som er importert på løyvet. Restmengda som er att i løyvet vil bli ført attende til di kvote, og du kan søkje om uttak på nytt.
Sende søknad
Om du har problem med å søkje via søknadssystemet, kan du ta kontakt med postmottak@landbruksdirektoratet.no.
Om du søkjer om vidareføring av eit løyve du allereie har fått innvilga, kan du gjere dette i søknadssystemet. For at å kunne vidareføre eit løyve må produktet vere identisk. Du må søkje om forlenging av løyvet før gyldigheitsperioden har gått ut.
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, vil du få ei stadfesting på e-post.
Handsaming av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, vil direktoratet vurdere om vilkåra i UB-forskriften er oppfylte.
Hovudsakeleg vurderer direktoratet følgjande
- at den innførte vara inneheld meir enn ein ubetydeleg andel utførte landbruksvarer
- at opplysningane i søknaden samsvarer med opplysningane frå produsenten
- at eit eventuelt løyve ikkje vil gje vesentlege skadeverknadar for norsk landbruk og næringsmiddelindustri
Handsaming
Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak.
Svar
Du får svar på søknaden per e-post eller post. Handsamingstida er normalt på inntil 10 arbeidsdagar etter at direktoratet har fått søknaden.
Klage
Når du har fått vedtaket, kan du klage på det. Klaga må innehalde følgjande opplysningar
- klagaren sitt organisasjonsnummer, namn og adresse
- kva for vedtak klaga gjeld
- grunngjeving for klaga
- andre relevante opplysningar
Du skal sende klaga til Landbruksdirektoratet, men det er Landbruks- og matdepartementet som vil handsame klaga. Når direktoratet får klaga, vil dei sjå på saka på nytt. Om Landbruksdirektoratet ikkje gjer om på vedtaket, vert klaga send til Landbruks- og matdepartementet for ei endeleg avgjerd. Den som klagar får ein kopi av det brevet der direktoratet sender over klaga til departementet.
Klagefrist: 3 veker
Krav om gjeninnføring av vare
Når du har sendt ei vare ut av Noreg for tilarbeiding, må ho verte tilarbeidd og gjeninnført til Noreg innan eit år etter utførsel.
Omgjering og tilbakebetaling ved feil
Om det i ettertid viser seg at eit løyve er innvilga på feil grunnlag, kan Landbruksdirektoratet trekkje det attende. Da må ein i så fall rekne om tollavgifta for import bakover i tid for tilbakebetaling.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Løpande
Når du får svar:
Innan 10 vyrkedagar