Til hovedinnhold

Søkje om innførselsløyve for tollavgiftsfri import av korn, mjøl og kraftfôrråvarer frå GSP-land

Gjeld innførselsløyve for tollavgiftsfri import av korn, mjøl og kraftfôrråvarer frå utviklingsland (GSP-land).

Kven kan søkje?

Alle bedrifter som er registrert i Brønnøysundregistrene kan søkje om GSP-innførselsløyve.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje om

Du kan søkje om fritak for tollavgift ved innførsel av korn, mjøl og kraftfôrvarer frå nulltollland i GSP-ordninga. Kva for varenummer du kan søkje innførselsløyve for er skildra i vedlegg 1 til forskrift om sikkerhetsmekanisme ved import av landbruksvarer omfattet av ordningen for generelle preferansesystemet for utviklingsland.

  • Du kan søkje i perioden 26. juni–15. juli for innførselsløyve med gyldigheit i perioden 1. august–7. november.
  • Du kan søkje i perioden 26. september–20. oktober for innførselsløyve med gyldigheit i perioden 8. november–24. april.
  • Du kan søkje i perioden 14.mars–10.oktober for innførselsløyve med gyldigheit i perioden 25. april–31. juli.

Kort om ordninga

Noreg gjev tollavgifts- og kvotefri marknadsadgang for alle varer frå dei minst utvikla landa (MUL). Frå 1. februar 2008 har ein òg inkludert låginntektsland som ikkje er med i MUL-gruppa i ordninga for tollavgifts- og kvotefri marknadsadgang for alle varer (nulltollavgiftsordninga).

På regjeringa sine nettsider kan du lese meir om endringar og forbetringar i den norske GSP-ordninga.

Det er likevel ein føresetnad at ein kan ivareta marknadsbalansen på korn, mjøl og kraftfôr i samsvar med intensjonane i marknadsordninga for korn. Det er derfor naudsynt å ha kunnskap om forventa import frå nulltollavgifts-land før ein fastset kvoter til nedsett tollavgiftssats for import frå andre land, og før ein fastset søknadsfristar for å søkje om GDP-innførselsløyve. Importøren må leggje fram gyldig GSP-innførselsløyve for at ein skal kunne innrømme tollfritak ved import.

Dette bør du forberede

Du må vite varenummeret i tolltariffen for produktet du skal søkje om, mengda du skal importere og kva for land vara kjem frå.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet tollavgiftsnedsetjingar ved import av landbruksvarer og tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) for å søkje. Her verdt du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.

First for å søkje:

  • 15. juli for perioden 1. august – 7. november
  • 20. oktober for perioden 8. november – 24. april
  • 10. april for perioden 25. april – 31. juli

I skjemaet skal du

  • Stadfeste at du oppbevarer dei påkravde dokumenta
  • Oppgje opplysningar om vara sitt varenummer i tolltariffen
  • Oppgje opplysningar om vara sitt namn
  • Kva for land vara kjem frå
  • Oppgje mengda du ønskjer å importere

Om du ikkje har moglegheit til å søkje digitalt, kan du sende denne informasjonen på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no eller i vanleg post.

Sende søknad

Når du trykkjer «send inn», så vert søknaden send automatisk til Landbruksdirektoratet. Du får ei stadfesting om at søknaden er registrert på e-post.

Handsaming av søknaden

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar direktoratet opplysningane som du har sendt inn. Om det er naudsynt, kan du verte bedd om å gje meir informasjon.

Handsaming

Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak.

Svar

Om du har søkt digitalt, får du ein e-post når svaret på søknaden er klart. Du finn svaret både i innboksen din i Altinn og ved å logge inn i søknadssystemet for tollavgiftsnedsetjingar.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klagen vert sendt til Landbruksdirektoratet. Om direktoratet ikkje gjer om på vedtaket, vil Landbruks- og matdepartementet handsame klagesaka.

Klagefrist: 3 veker

Viktige datoer

Søknadsfrist oktober:

20. oktober for perioden 8. november – 24. april

Søknadsfrist april:

10. april for perioden 25. april - 31.juli

Søknadsfrist juli:

15. juli for perioden 1. august – 7. november

Når får du svar:

Innan 10 dagar

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk