Søkje om tollavgiftsnedsetjing for industrielt tilarbeidde landbruksvarer (RÅK)
«RÅK» står for råvarepriskompensasjon og er ei ordning for tilarbeidde landbruksvarer. Desse varene vert difor ofte kalla for RÅK-varer.
Kven kan søkje?
Alle bedrifter som er registrert i Brønnøysundregisteret kan søkje om tollavgiftsnedsetjing. Den som søkjer på vegne av bedrifta må vere tildelt rolla «primærnæring og næringsmiddel» i Altinn. Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere ei slik rolle til deg.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva kan du søkje om
Du kan søkje tollavgiftsnedsetjing for import av industrielt tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) som skildra i vedlegg 1 til forskrift om fastsettelse av nedsatte tollavgiftssatser ved import av industrielt bearbeidede landbruksvarer (RÅK-importforskriften).
Det er produktet sitt varenummer i tolltariffen som avgjer om eit produkt er ei RÅK-vare, eller ikkje.
Kort om ordninga
Om du finn varenummeret til ditt produkt i vedlegg 1 til RÅK-importforskriften, er produktet ei RÅK-vare.
- Du kan søkje om tollavgiftsnedsetjing for varenummer med +MX1, +MX2, +D1 eller +D2 i kolonnen for vara sitt opphavsland
- Om varenummeret i vedlegg 1 til RÅK-forskriften ikkje er markert med +MX1, +MX2, +D1 eller +D2 i kolonnen for vara sitt opphavsland, har varenummeret ein fast nedsett tollavgiftssats. Det er ikkje naudsynt å søkje om tollavgiftsnedsetjing på desse varenummera.
Kva for råvarer som er tollbelagt i RÅK-ordninga, står det meir om i vedlegg 2 til RÅK-importforskriften.
Du bør søkje om tollavgiftsnedsetjing før du skal importere ei vare. Om du ikkje har gyldig tollavgiftsnedsetjing på importtidspunktet må du betale ordinær tollavgift.
Du kan likevel søkje om tollavgiftsnedsetjing med tilbakeverkande kraft.
Dette bør du forberede
Du må vite varenummeret i tolltariffen på produktet du skal søkje om. Du må òg oppgje opphavslandet til den vara du skal importere, fordi dette kan påverke tollavgiftssatsen.
Ved søknad om tollavgiftsnedsetjing skal du ha dokumentasjon frå produsenten på innhaldet i produktet.
- Det skal kome tydeleg fram at dokumentasjonen er frå produsent.
- Dokumentasjonen må innehalde:
- alle råvarene i produktet
- det prosentvise innhaldet av alle råvarer som er relevante for å rekne ut tollavgifta
- råvareinnhaldet i produktet på importtidspunktet. Om det skjer endringar i innhaldet, må du sende inn ein ny søknad. - Om råvareinnhaldet er oppgjeve i intervall i dokumentasjonen, skal den høgaste prosentandelen i intervallet førast opp i søknaden.
- Fakturanemninga/ produktnamn som er oppgjeve i søknaden og produktnamn i dokumentasjonen må kunne knytast til kvarandre.
- Dokumentasjonen skal vere på engelsk eller på eit skandinavisk språk.
Du kan òg nytte skjemaet tool for documenting the percentage of dutiable agricultural commodities som dokumentasjon på prosentvis innhald av tollavgiftsbelagde råvarer dersom skjemaet er fylt ut av produsent. I tillegg må du ha ei fullstendig liste over ingrediensane.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet tollavgiftsnedsetjing ved import av landbruksvarer og tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) for å søkje. Her vert du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Søk ved å gå til fana for «tollavgiftsnedsetjing» og vel «ny søknad – søknad om individuell tollavgiftsnedsetjing».
Søknadsfrist: løpande
I skjemaet skal du
- stadfeste at du oppbevarer dei påkravde dokumenta
- oppgje opplysningar om vara
- oppgje fordelinga av tollbelagde råvarer i prosent av ferdigvara sin vekt
Du kan verte bedd om å laste opp dokumentasjon på produktet.
Du kan søkje om tollavgiftsnedsetjing med tilbakeverkande kraft. Vel «søk om tilbakeverkande kraft» og vel kva for dato du ønskjer at tollavgiftsnedsetjinga skal vere gyldig frå – før du trykkjer «start søknad».
Det er stort mangfald av råvarer. Vi har difor laga ei liste over nokre råvarer, og i kva for grad eller korleis dei skal førast opp i søknaden. Råvarelista til RÅK-import vert oppdatert løpande.
Sende søknad
Når du trykkjer «send inn», vert søknaden automatisk send til Landbruksdirektoratet. Du får ei stadfesting på e-post når søknaden er registrert.
Trekkje søknad eller sende ein førespurnad
Du kan trekkje ein innsend søknad før den vert handsama. Du kan trekkje søknaden ved å gå inn på søknaden i søknadssystemet. Det er berre mogleg å trekkje søknaden før sakshandsamar har byrja med saka.
Du kan sende ein førespurnad til sakshandsamar i søknadssystemet via «førespurnad» under fana «alle saker».
Endringar som krev ny søknad
Om det skjer endringar i opplysningane i søknaden, må du søkje om ny tollavgiftsnedsetjing. Døme på slike endringar er:
- organisasjonsnummer
- opphavsland (dersom endringa medfører ein annan handelsavtale, som til dømes at produksjonen vert flytta ut av EU)
- råvareinnhaldet i ferdigvara
- fakturanemning på ferdigvara
- varenummer i tolltariffen
Om du ikkje har moglegheit til å søkje digitalt, kan du nytte skjemaet søknad om tollavgiftsnedsetjing for industrielt tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) (LDIR – 726). Ferdig utfylt skjema kan sendast på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no eller som brev.
Handsaming av søknaden
Mottak
Når landbruksdirektoratet har fått søknaden, så sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Ei tollavgiftsnedsetjing får gyldigheit frå den datoen Landbruksdirektoratet får søknaden, gitt at den er riktig utfylt.
Handsaming
Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak. Det kan ta inntil ti verkedagar å handsame søknaden.
Tilleggsdokumentasjon
Du kan verte bedd om å sende inn tilleggsdokumentasjon som datablad frå produsent og bindande klassifiseringsutsegn får tolletaten (BKU). Du pliktar å gje naudsynte opplysningar for at Landbruksdirektoratet skal kunne handsame søknaden. Innhenting av tilleggsopplysningar og vurderinga av desse, kan føre til at handsaminga tek lengre enn ti verkedagar.
Svar og utbetaling
Svar
Om du har søkt digitalt, får du ein e-post når svaret på søknaden er klart. Svaret finn du både i innboksen din i Altinn og ved å logge inn i søknadssystemet for tollavgiftsnedsetjing.
Om søknaden vert avvist, må du eventuelt søkje på nytt. Tollavgiftsnedsetjinga får da gyldigheit frå den nye søknadsdatoen.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Du sender klagen til Landbruksdirektoratet. Om direktoratet ikkje gjer om på vedtaket, vert saka handsama av Landbruks- og matdepartementet.
Reglane for klage finn du i forvaltningsloven kapittel VI. Alle parter i saka har rett til å gjere seg kjende med saka sine dokument etter forvaltningsloven §18–19.
Klagefrist: 3 veker
Tilbakekalling av tollavgiftsnedsetjing
Om det i ettertid viser seg at tollavgiftsnedsetjinga er gjeven på feil grunnlag, kan Landbruksdirektoratet trekkje den attende. Sjå § 6 i RÅK-importforskriften. Som importør må du da gjere eit statistisk oppretting og eventuelt rekne om tollavgifta for import attende i tid. Dette kan du gjere elektronisk på Tolletaten sine nettsider.
Tollavgiftsnedsetjingar som fornyast kvart år
Me oppdaterer tollsatsane for bær i RÅK-importforskriften 1. september kvart år. Dette vil påverke tollavgiftssatsen på produkt som inneheld bær. Du vil automatisk få ein ny tollavgiftsnedsetjing med gyldigheit frå 1. september om produktet ditt inneheld bær. Den gamle tollavgiftsnedsetjinga vil da ikkje vere gyldig lenger.
Følgjande råvaresatsar gjeld frå 1. september 2025:
- jordbær: 0,28 kr/kg
- bringebær: 1,02 kr/kg
- solbær: 0,00 kr/kg
Satsane er rekna ut etter ein modell basert på produksjons- og prisutvikling på bær internasjonalt og i Noreg.
Nye råvaresatsar på bær får betydning for fire varenummer i tolltariffen
Dei nye råvaresatsane for bær kan òg påverke tollavgiftssatsen for varenummera 04.03.2020, 04.03.2030, 04.03.9002 og 21.05.0020 i tolltariffen, der satsen er fastsett etter standardresept med innhald av bær. Dette er varenummer med fast nedsett tollavgiftssats, så det er ikkje naudsynt å søkje om tollavgiftsnedsetjing for å importere. Den nye tollavgiftssatsen vert automatisk gjeldande når vara vert deklarert i tolletaten sitt system TVINN.
Omrekning
Du kan søke tolletaten om omrekning i ettertid. Det er Tolletaten som tek stilling til om, og i kva for grad du som importør har brote med føresegnene i vareførselsloven og tollavgiftsloven. Dei avgjer vidare om det skal verte ilagt ein administrativ sanksjon, som typisk er tilleggstollavgift (administrativt tillegg), og/eller eit misferdsgebyr.
Før du søkjer om omrekning, må du sende ein søknad om tollavgiftsnedsetjing med tilbakeverkande kraft for den vara du har importert til Landbruksdirektoratet.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
Løpande
Når får du svar:
Innan 10 dagar
Trenger du hjelp?
Ta kontakt med Landbruksdirektoratet
Kontaktpersonar: Nina Aasly eller Ahmed Siyad