Søknad om bærkvote for tilarbeidingsindustri
Landbruksdirektoratet fordeler bærkvoter til tilarbeidingsindustri ut frå føretaket sin andel av totalforbruket av norsk råvare.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Føretak som er registrert i Einingsregisteret. Kvotene vert fordelt etter avtak frå 1. juli til 30. juni i føregåande periode.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om:
- Andel av tollfri kvote for jordbær med opphav EU
- Andel av tollfri kvote for jordbær med opphav Storbritannia (GB)
- Andel av tollfri kvote for jordbær med opphav alle land
- Andel av tollfri kvote for bringebær med opphav EU
- Andel av tollfri kvote for bringebær med opphav Storbritannia (GB)
- Andel av tollfri kvote for bringebær med opphav alle land
- Andel av tollfri kvote for solbærsaft med opphav EU
- Andel av tollfri kvote for kirsebær og solbær med opphav alle land
| Kvotenamn | Varenummer i tolltariffen og vareomfang | Mengd (tonn) | Tollsats (kr/kg) |
|---|---|---|---|
| Jordbær med opphav EU | 08.11.1000 | 2200 | 0.00 kr/kg |
| Jordbær med opphav Storbritannia (GB) | 08.11.1000 Jordbær, fryst | 440 | 0.00 kr/kg |
| Jordbær Alle land | 08.11.1000 Jordbær, fryst | 2050 | 0.00 kr/kg |
| Bringebær med opphav EU | ex 08.11.2019 08.11.2091 | 950 | 0.00 kr/kg |
| Bringebær med opphav Storbritannia (GB) | ex 08.11.2019 08.11.2091 | 190 | 0.00 kr/kg |
| Bringebær Alle land | ex 08.11.2019 08.11.2091 | 750 | 0.00 kr/kg |
| Solbærsaft med opphav fra EU | 20.09.8911 20.09.8919 | 150 | 0.00 kr/kg |
| Kirsebær og solbær med opphav alle land | 08.11.9003 20.09.8993 | 190 | 0.00 kr/kg |
Vilkår
- Kvoteordninga gjeld rett til redusert tollavgift, for ein gitt mengd varer, innanfor ein gitt tidsperiode.
- Kvoter som vert fordelt etter søknad vert fordelt etter innkommande søknader via det elektroniske søknadssystemet.
- For å få tildelt ein kvoteandel må du ha tilarbeidd norske jordbær, bringebær, solbær eller kirsebær i føregåande periode frå 1. juni-31.mai, eller inngått ein bindande avtale om kjøp av slike bær. Dette skal du oppgje i søknaden.
- Du kan berre få tildelt kvoteandel for dei bærslaga du har tilarbeidd i din verksemd.
- Den importerte vara skal inngå som råvare i ein eigen tilarbeidingsverksemd.
- Du kan selje tollkvoteandelar vidare til andre føretak om dei oppfyller vilkåra for den aktuelle kvota.
- Kvotene vert fordelt på bakgrunn av innrapportert norsk forbruk i føregåande periode frå 1. juni-31.mai.
Utfylling av søknad
For å søkje om bærkvote må du fyrst søkje opp den aktuelle kvota inne i søknadssystemet. Fyrst trykkjer du på kvota og deretter trykkjer du på «søk om kvoteandel». Når du søkjer, vert du bedd om å fylle inn forbruk av norsk vare for det bærslaget du søkjer kvote for. Om du til dømes ønskjer jordbærkvote med opphav EU, alle land og GB må du søkje om alle tre kvotene og oppgje same tall for forbruk av norske bær.
Du må sende søknaden via det elektroniske søknadssystemet. Me tek ikkje imot søknadar på e-post.
For kirsebær og solbær må du rekne om forbruket til konsentrat. Omrekninga gjer du slik: mengd bær (kg) x 0,172, eller mengd saft (kg) x 0,203.
Handsaming av søknaden
Mottak
Når landbruksdirektoratet har fått søknaden, så sjekkar me dei opplysningane du har sendt inn. Om det er naudsynt, kan direktoratet be om meir informasjon.
Handsaming
Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak.
Svar på søknaden
Du får beskjed på e-post når søknaden er ferdig behandla. Du må logge inn i søknadssystemet for å sjå sjølve vedtaket.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Du sender klaga til Landbruksdirektoratet. Om direktoratet ikkje gjer om på vedtaket, vil Landbruks- og matdepartementet handsame klagesaka.
Les meir om retten til å klage i forvaltningsloven kapittel VI. De kan òg be om å få sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningsloven §§ 18 til 19.
Klagefrist: 3 veker
Viktige datoer
Søknadsfrist:
5. juni