Tilskot til avlsorganisasjonar
Gjeld tilskot som bidrag til avlsmessig framgang og populasjonar av friske, sunne husdyrrasar tilpassa vårt miljø og klima.
Kven kan søke?
Avlsorganisasjonar som spesifisert i Jordbruksavtalen kan søke tilskot.
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke tilskot til
Avlsorganisasjonane kan søke om tilskot til avlstiltak som er i tråd med formålet ved ordninga. Formålet er gitt under «Kort om ordninga».
Avlsorganisasjonar
For 2025 kan følgande avlsorganisasjonar søke om tilskot:
- Norsk Sau og Geit
- Norges Birøkterlag
- Norsk Kjøttfeavlslag TYR
- Norsk Fjørfelag
- Landslaget for Telemarkfe
- Avlslaget for sidet trønderfe og nordlandsfe
Stønad til Norges Birøkterlag føreset at dei også bidreg til drifta av reinavlsområdet for den brune bia. Norsk Fjørfelag kan søke om stønad til påverking av avlsarbeid i regi av internasjonale avlsselskap.
Kort om ordninga
Formålet med ordninga er følgande:
Tilskot til avlsorganisasjonar skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske, sunne husdyr tilpassa vårt miljø og klima. Ordninga skal også sikre genetisk variasjon i populasjonane og bygge på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
- Totalløyving er gitt i jordbruksavtalen. For 2025 er totalløyvinga 16,8 mill. kroner.
- Det føresettast at avlsorganisasjonane samarbeider med Norsk genressurssenter for å bidra til at genetiske ressursar som ligg i små sårbare populasjonar av tradisjonelle norske rasar ikkje går tapt, medrekna å bidra til semin på slike rasar, når det er hensiktsmessig.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du legge ved følgande:
- kven som søker, adresse, organisasjonsnummer, kontonummer og kontaktperson.
- opplisting av avlstiltak med oversikt over forventa totale budsjetterte kostnadar og omsøkt beløp for kvart tiltak.
- ein beskriving av dei ulike avlstiltaka.
- organisasjonens foreløpige totale budsjett for året.
Søkar er ansvarleg for at den samla informasjonen i søknaden gir eit dekkande bilde av verksemda og arbeidet med avlsarbeid.
Krav om rapportering
Landbruksdirektoratet stiller krav til rapportering i etterkant av tilskotsåret som tydeleg viser korleis de har nytta tilskotet og korleis de vurderer oppnådde resultat. Les meir om dette under «Behandling av søknad» og «Rapportering».
Utfylling av søknad
Skjema
Skriv ein søknad i fritekst som du sender på e-post eller vanleg post.
Husk søknadsfristen 1. oktober året før tilskotsåret.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, N-0116 Oslo. Du får bekrefting på at søknaden er registrert på e-post eller i vanleg post.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har motteken søknaden sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og fattar vedtak. Før Landbruksdirektoratet fattar vedtak om tildeling av tilskot, sender dei ei foreløpig vurdering av søknadene til Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for uttale.
Rapportering
Landbruksdirektoratet stiller krav til rapportering i etterkant av tilskotsåret som tydeleg viser korleis de har nytta tilskotet og korleis de vurderer oppnådde resultat. I tillegg skal alle tilskotsmottakarar sende inn rekneskap til Landbruksdirektoratet.
Rapporteringa skal innehalde:
- opplysningar om avlstiltaka det blei gitt stønad til med oversikt over totale kostnadar, innvilga beløp og nytta midlar.
- ei detaljert beskriving av gjennomførte avlstiltak det siste året med ei vurdering av korleis tiltaka har bidratt til måloppnåing.
Tilskotsmottakar skal så snart som mogleg melde frå om forseinkingar eller endringar som gjeld dei avlstiltaka som blir beskrive i søknaden. Dersom tilskotsmottakar ikkje nyttar tilskotet som føresett, kan Landbruksdirektoratet halde tilbake tilskot eller krevje tilskotet heilt eller delvis tilbakebetalt.
Frist for å rapportera om avlsarbeidet til Landbruksdirektoratet er satt til 31. mars året etter tilskotsåret.
Kontroll
Vi fører tilsyn med at utbetaling av tilskot til avlsorganisasjonar er riktig, og kan krevje innsyn i bokføring, korrespondanse og oppteikningar som vedkjem tilskotet. Landbruksdirektoratet kan også krevje at opplysningane blir bekrefta av revisor.
Vi gjer merksam på at Riksrevisjonen kan krevje innsyn hos tilskotsmottakar for å kontrollere at tilskotet nyttas etter forutsetningane, jf. § 12, tredje ledd i lov om Riksrevisjonen.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller som brev i posten, normalt 4 veker etter at søknaden er motteken.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overført til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane. Utbetalingane blir gjort i to terminar. Første utbetaling er 15. januar og andre utbetaling er 15. juni i tilskotsåret.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
1. oktober året før tilskotsåret
Rapporteringsfrist:
31. mars året etter tilskotsåret