Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til fellesanlegg for frukt

Tilskot til fellesanlegg for frukt vert gitt for å fremje samarbeid om sortering, pakking og omsetning for å sikre forbrukarane tilgang på norsk frukt.

Husk Søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje

Ein gjer berre tilskot til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som disponerer eit pakkeri. Føretaket som søkjar må ha fått minimum 2000 kg norskprodusert frukt frå kvart av minst åtte ulike føretak som produserer frukt i søknadsåret. Føretaket som søkjer må ha pakka minst 100 tonn norskproduserte frukt omsette til konsummarknaden i søknadsåret. Frukttypar som inngår i berekningsgrunnlaget er eple, pærer, plommer, kirsebær og morellar.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til fellesanlegg for frukt. Det er mengda pakka frukt som føretaket har omsett til konsummarknaden som dannar grunnlaget for tilskotsberekninga.

Kort om ordninga

  • Tilskotet vert gitt for å fremje samarbeid om sortering, pakking og omsetning for å sikre forbrukarane tilgang på norsk frukt.
  • Tilskotet vert fordelt mellom fruktlager som søkjer tilskot, basert på gjennomsnittleg omsett mengd pakka frukt føretaket har omsett til konsummarknaden dei siste tre kalenderåra før søknadsfristen.
  • Ordninga regulerast gjennom Forskrift om fellesanlegg for frukt.

Nye søkjarar

For søkjarar som på søknadstidspunktet har omsett pakka frukt til konsummarknaden i mindre enn tre kalenderår, vert gjennomsnittleg omsett mengd pakka frukt per pr år etter oppstart lagd til grunn ved berekning av tilskot.

Krav til pakkeriet

Fruktlageret må:

  • Vere registrert i Einingsregisteret
  • Disponere eit pakkeri
  • Få minimum 2000 kg norskprodusert frukt frå åtte ulike føretak som produserte frukt i søknadsåret
  • Ha pakka minst 100 tonn norskprodusert frukt omsette i konsummarknaden i søknadsåret

Frukttypar som kan inngå i berekningsgrunnlaget er eple, pærer, plommer, kirsebær og morellar.

Dette må du forberede

Forsikre deg om at føretaket oppfyller krava til å ha rett på tilskot.

Lag ei oversikt som viser kva omsetningsledd frukta er seld til og volumet per omsetningsledd.

Utfylling av søknad

Søkje tilskot

Du skal søkje om tilskot via det digitale skjemaet Tilskot til fellesanlegg for frukt (LDIR 850 N).

Skjemaet krev innlogging via ID-porten.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • bankkontonummer
  • fruktmengder
  • talet på føretak som har levert over 2000 kg norskprodusert frukt til pakkeriet

Innsending av skjema krev i tillegg at du legg ved ei oversikt over kva omsetningsledd frukta er seld til og volumet per omsetningsledd.

Søknadsfrist

Fristen for innsending av søknad er 15. februar.

Handsaming av søknaden

Mottak

Landbruksdirektoratet sjekkar opplysningane du har sendt inn. Om det er naudsynt, vil direktoratet be om meir informasjon.

Handsaming

Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak. Den totale tilskotsramma vert fordelt forholdsmessig mellom søkjarane som oppfyller vilkåra i forskriftas §2 på grunnlag av gjennomsnittleg mengd pakka frukt føretaket har omsett til konsummarknaden dei siste tre kalenderåra før søknadsfristen.

For utbetalinga i 2026 er det over statsbudsjettet Kap 77 post 17 avsette 26,7 mill. kroner til ordninga.

Kontroll

Søknaden kan verte teken ut til kontroll. Søkjar pliktar å utlevere all bokføring, korrespondanse og opp­teikningar som vedkjem tilskotet, under dette oversikt over mengder motteke av dei ulike produkta frå kvar enkelt produsent. Landbruksdirektoratet kan gjennomføre stadleg kontroll hos tilskotsmottakar.

Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lenger tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden om tilskot på e-post, normalt innan 4 veker etter at Landbruksdirektoratet har fått søknaden.

Utbetaling

Får du innvilga tilskot, så overførast pengane automatisk til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga vert send til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Klagefristen er 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom du aktlaust eller forsettleg gir feil opplysningar i søknaden som dannar eller kunne ha danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskotet til deg sjølv eller andre, kan heile eller delar av det samla tilskotet verte avkorta.

Dersom du som følgje av manglande oppfylling av vilkår i forskrifta eller av andre grunnar får ei utbetaling som ikkje er på sin plass, kan det feilutbetalte beløpet krevjast betalt tilbake eller motreknast i seinare tilskotsutbetaling.

Viktige datoer

Søknadsfrist:

15. februar året etter produksjonsåret

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Ann-Kathrin Billing i Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk