Tilskot til frakt av korn
Gjeld tilskot til frakt av korn frå overskotsområdet, norskprodusert og importert soyamjøl til kraftfôrproduksjon, importert korn og økologisk korn.
Kven kan søkje?
Kornkjøparar kan søkje tilskot til frakt av korn.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
- frakt av korn frå overskotsområdet til produksjonsanlegg i underskotsområdet
- frakt av importert korn til produksjonsanlegg nord for Stavanger
- frakt av økologisk korn frå kornprodusent til nærmaste mottaksanlegg
Kort om ordninga
Føremålet med frakttilskot er å «jamne ut prisane til produsent og forbrukar.» Ordninga er basert på at produsentane må dekke ein eigenandel av kostnadene.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du legge ved dokumentasjon på frakta.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finnast ikkje eit eige skjema for å søkje tilskot til frakt av korn. Nye søkarar kan ta kontakt med Landbruksdirektoratet for nærmare rettleiing.
Månadleg søknadsfrist: Innan den 15. i den følgande månaden.
Endeleg søknadsfrist: 15. februar året etter, for frakttilskot for føregåande kalenderår.
Sende søknad
Send søknaden til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, N-0116 Oslo.
Handsaming av søknad
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har motteke søknaden vert opplysningane du har sendt inn sjekka. Ved behov, kan direktoratet be om meir informasjon.
Behandling
Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli tatt ut til kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nnaudsynte opplysningar, og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at sakshandsaminga tek lenger tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post normalt 4 veker etter at søknaden er motteken.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overført til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil handsame klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Berekna tid for hamdsaming av klage: 4 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Viss det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorta tilskotet.
Viktige datoer
Månadleg søknadsfrist:
Innan den 15. i følgande månad.
Når du får svar:
Normalt 4 veker etter at søknaden er motteken.
Endeleg søknadsfrist:
15. februar året etter, for frakttilskot for føregåande kalenderår.