Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Gjeld tilskot til tiltak som fremjar natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og reduserer forureininga frå jordbruket.
Kven kan søkje?
Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
- Redusere forureining
Til tiltak som reduserer tap eller risiko for tap av næringsstoff, partiklar og andre forureinande utslepp til jord, avrenning til vatn eller utslepp til luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel. Dette kan til dømes vere utbetring av hydrotekniske anlegg (eldre lukkingsanlegg med meir) og andre tiltak for å redusere forureininga, til dømes fangdammar. Det kan også gjelde planteverntiltak. - Ta vare på natur- og kulturminne i kulturlandskapet i jordbruket
Til tiltak som- sikrar biologisk mangfald med artar og naturtypar som er knytte til, eller forma av arealbruken og driftsformene i jordbruket. Dette kan til dømes vere å rydde og setje i stand attgrodd slåttemark, fjerne framande skadelege artar og tiltak for å ta vare på pollinerande insekt.
- sikrar kulturminne, kulturmiljø og vidarefører kulturarv (kunnskap, tradisjonar og teknikkar). Dette kan til dømes vere å setje i stand verneverdige bygningar eller sikring av andre kulturminne.
- sikrar høvet til opplevingar, friluftsliv og eit variert landskapsbilete. Dette kan til dømes vere tilrettelegging for ferdsel og tiltak for å ta hand om gammal kulturmark.
- Miljøtiltak utover vanleg jordbruksdrift
Til miljøtiltak som inneber ein ekstra innsats, og som det er knytt særlege kostnader til. Dette kan til dømes vere omlegging til, eller vidareføring av, ei driftsform som er eigna til å sikre spesielle miljøverdiar. Å følgje lovpålagde miljøkrav blir rekna som ein del av den ordinære jordbruksdrifta og skal ikkje prioriterast for SMIL-tilskot. Alminneleg jordarbeiding som er knytt til eksisterande drift, vil i hovudsak ikkje gje grunnlag for SMIL-tilskot. - Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt
Til prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging for å gjennomføre konkrete miljøtiltak. Dette kan til dømes vere å leggje forholda til rette for større heilskaplege miljøprosjekt over større område, til dømes knytt til eit vassdrag eller ei grend. Slike prosjekt skal leie fram til gode og konkrete kulturlandskaps- og forureiningstiltak.
For meir informasjon om kva for areal og kva for typar tiltak som kan få tilskot, prioriteringar, satsar m.m. i din kommune – sjå retningslinjer for tilskotet frå kommunen og utlysinga frå kommunen.
Kort om ordninga
- Føremålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga frå jordbruket, utover det som kan ventast gjennom vanleg jordbruksdrift.
- Tiltaket må gjennomførast på ein landbrukseigedom, og det må skje jordbruksproduksjon med tilskotsrett på eigedommen.
- Dersom du som søkjar ikkje sjølv eig eigedommen tiltaket skal gjennomførast på, må du ha skriftleg løyve frå grunneigaren og eventuelle påverka rettshavarar.
- Tiltaket kan vere enkeltståande eller eit større fellestiltak som påverkar fleire aktørar og/eller eigedommar.
- Dersom søknaden gjeld fellestiltak, eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt med fleire aktørar, skal éin deltakar stå som ansvarleg søkjar og sende søknaden på vegner av alle deltakarane, basert på skriftleg fullmakt.
- Tiltaket skal gjennomførast innan 3 år frå tilskotet blei innvilga, med mindre kommunen har sett ein kortare frist då søknaden blei innvilga. Kommunen kan etter søknad, forlengje fristen til maksimalt 5 år.
- Det blir normalt ikkje innvilga tilskot til tiltak som allereie er starta eller sluttførte.
- Det kan setjast eigne vilkår til kvart enkelt prosjekt og tiltak.
Dette bør du førebu
Å skrive ein søknad kan vere tidkrevjande. Som søkjar er det ditt ansvar å rekne ut tilstrekkeleg tid til å fullføre søknaden innan fristen. Vi tilrår å starte i god tid før søknadsfristen.
Krava til ein søknad kan variere ut frå kva type tiltak du søkjer, til dømes om du søkjer tilskot til planlegging av eit tiltak, hydrotekniske tiltak og verneverdige bygningar.
Les utlysingsteksten og rettleiingsteksten i søknadsskjemaet nøye. Kommunen kan ha stilt fleire eller andre krav til innhaldet i søknaden ut frå lokale forhold.
I rettleiinga til søknadsskjemaet er det ført opp kva som er obligatoriske vedlegg til søknaden, og kva som er valfritt. I tillegg kan kommunen i utlysingsteksten sin ha stilt krav om vedlegg med nødvendig informasjon. Alle vedlegg må sendast inn saman med søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Gå til skjemaet Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Har du spørsmål om søknaden, tek du kontakt med kommunen.
Her er ein video som viser deg steg for steg korleis den elektroniske søknaden skal fyllast ut:
Søknadsfrist: Kommunen set søknadsfristen.
I skjemaet skal du registrere
- kven som søkjer
- kvar tiltaket skal gjennomførast
- kva prosjekttittelen er
- kva du søkjer tilskot til
- kva du har tenkt å gjere
- skildring av området og tilstanden til bygningen/arealet
- skildring av omfang av og føremål med tiltaket
- korleis tiltaket skal gjennomførast (arbeidsmetodar, materiale osv.)
- kven som skal utføre tiltaket
- grunngjeving av korleis dette tiltaket vil fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og/eller redusere forureininga
- skildring av noverande bruk og kva du har tenkt å bruke objektet/arealet til etter at tiltaket er fullført
- kostnadsoverslag
- overslaget skal omfatte dei totale kostnadene for tiltaket du søkjer tilskot til
- dette kan vere både materialkostnader, kjøp av tenester og arbeid
- beløp utan mva. dersom tiltaket har frådragsrett for mva.
- (om du har fått eit detaljert pristilbod frå til dømes handverkar/entreprenør, kan dette også takast med)
- finansieringsplan
- korleis du har tenkt å finansiere tiltaket
- søknadssum
- om du har eigendel, eigenkapital eller har tenkt å utføre noko av arbeidet sjølv (ved eigeninnsats, før opp sats/timar)
- om du har søkt eller fått anna finansiering til dette tiltaket (til dømes frå tilskot til drenering, organisert beitebruk, Kulturminnefondet, Sparebankstiftelsen, verkemiddel frå kulturminneforvaltninga eller naturforvaltninga e.l.)
Dersom du treng meir plass til skildringar, eller ved behov for å leggje ved meir detaljerte prosjektskildringar, arbeidsteikningar, kostnadsoverslag og/eller finansieringsplan o.l., last opp dette som vedlegg til søknaden.
Sende søknad
I søknadsskjemaet skal du føre opp kvar hovuddelen av tiltaket skal gjennomførast. Når du trykkjer på «Send inn» i søknadsskjemaet, blir søknaden automatisk send til kommunen som har ansvaret for å behandle han.
Når kommunen har teke imot søknaden, får du ei stadfesting i Altinn, eller til Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette. Mangelfulle søknader kan avvisast.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kommunen vurderer om tiltaket er i tråd med regelverket og føremålet med ordninga. I behandlinga hentar kommunen inn nødvendig kunnskap om landbruk, natur og kulturminne.
Prosjekta og tiltaka blir prioriterte ut frå lokale mål og strategiar, som er utarbeidde i dialog med statsforvaltaren og næringsorganisasjonane i jordbruket lokalt. Meir informasjon om prioriteringar, satsar og anna i din kommune finn du i retningslinjene for tilskotet og utlysinga frå kommunen.
Svar, rapportering og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i Altinn, eller til Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden. Du kan normalt forvente svar innan 12 veker etter søknadsfristen. Dersom du får innvilga tilskot, vil det i tilskotsbrevet stå kva vilkår som må oppfyllast for å få betalt ut tilskotet.
Utbetaling og rapportering
Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet.
For fleirårige og større prosjekt kan det vere aktuelt å be om utbetaling undervegs i prosjektperioden. For eittårige og mindre prosjekt skal oppmoding om utbetaling helst skje etter at prosjektet er avslutta.
Delar av tilskot kan utbetalast etter kvart som du godtgjer framdrift i gjennomføringa av tiltaket og rapporteringa er godkjend.
Minst 25 prosent av tilskotet blir halde tilbake til tiltaket er gjennomført og ein sluttrapport og sluttrekneskap er godkjend.
Sende rapport
Dersom du får innvilga tilskot, skal du sende ein rapport om måloppnåing, og bruken av tilskotet saman med utbetalingsførespurnaden. Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet.
Landbruksdirektoratet har laga rapporteringsskjema som er obligatoriske å leggje ved den digitale utbetalingsførespurnaden for del- og sluttutbetaling:
Mal for rapporteringsskjema for tilskot til eingongs-/investeringstiltak
Sende utbetalingsførespurnad
Vilkåra for å få betalt ut tilskot må vere oppfylte for at utbetalingsførespurnaden kan sendast inn.
Du kan sende utbetalingsførespurnaden digitalt via Altinn slik:
- Logg deg inn i altinn.no.
- Vel kven du skal representere (føretak eller privatperson).
- Vel «Alle skjema» og søk fram skjemaet som du skal registrere utbetalingsførespurnad for
- Vel «Start teneste» og eventuelt «Vidare»
- Klikk på den blå knappen «Registrer utbetalingsoppmoding» under søknaden.
Brukerveiledning for søker i Altinn – digital utbetalingsanmodning
Når saksbehandlaren har behandla utbetalingsførespurnaden din, får du tilsendt svarbrevet i Altinn eller Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp på søknaden.
Kontroll
Kommunen, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kan kontrollere at vilkåra for utbetaling av tilskotet er oppfylte, og gjennomføre stadleg kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Omtrentleg tid for klagebehandling: 12 veker
Tilbakebetaling og omgjering
Tilskotet kan bli kravd tilbakebetalt eller vedtaket kan bli omgjort dersom det er gjort feil i utbetalinga, ved regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar.
Viktige datoar
Søknadsfrist
kommunen fastset søknadsfrist
Når du får svar
normalt 12 veker etter søknadsfristen
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.