Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til tiltak i verdsarvområda

Gjeld tiltak som bidreg til å styrkje landbruket i dei tre verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap og Røros bergstad og Circumferensen .

Kven kan søkje?

Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Tilskotet gjeld for tiltak innanfor Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, slik desse områda er avgrensa i Naturbase.

Ved utlysinga skal kommunen opplyse om kva for tiltak ein kan få tilskot til.

Tiltak som det blir gjeve tilskot til, kan vere

  • restaurering og skjøtsel av areal
  • istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
  • formidling
  • nødvendig planlegging av tiltak
  • kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
  • kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
  • andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga 
  • For å finne meir informasjon om kva for areal og kva for typar tiltak som kan få tilskot, prioriteringar, satsar m.m. i det aktuelle utvalde kulturlandskapet, kan du sjå forvaltningsplanen for området utlysinga frå kommunen. 

Kort om ordninga

  • Åtte norske verdsarvområde står i dag på verdsarvlista til UNESCO. Verdsarvlista har som mål å verne om kultur- og naturarven i verda.
  • Frå 2008 er det årleg sett av midlar over jordbruksavtalen til ei eiga satsing for to av dei, der jordbruket spelar ei vesentleg rolle – Vegaøyan på Helgelandskysten (innskrivne i 2004) og Vestnorsk fjordlandskap, med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden (innskrive i 2005). Desse områda har store verdiar som er knytte til kulturlandskapet frå jordbruket, og desse verdiane vil i stor grad bli svekte dersom det aktive jordbruket blir redusert eller tek slutt. Noreg har forplikta seg internasjonalt til å ta vare på desse verdiane.
  • Tiltak som får midlar, skal bidra til å styrkje landbruket i dei to verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, mellom anna ved å sikre langsiktig skjøtsel og drift.  
  • Dersom du som søkjar ikkje sjølv eig eigedommen tiltaket skal gjennomførast på, må du ha skriftleg løyve frå grunneigaren og eventuelle påverka rettshavarar.  
  • Tiltak må gjennomførast innan 3 år frå tilskotet blei innvilga, med mindre kommunen gjev kortare frist då søknaden blei innvilga. 

Dette bør du førebu

Å skrive ein søknad kan vere tidkrevjande. Som søkjar er det ditt ansvar å rekne ut tilstrekkeleg tid til å fullføre søknaden innan fristen. Vi tilrår å starte i god tid før søknadsfristen. 

Set deg inn i krava

Krava til ein søknad kan variere ut frå kva type tiltak du søkjer, til dømes om du søkjer tilskot til investering eller drift. For å finne meir informasjon om kva for areal og kva for typar tiltak som kan få tilskot, prioriteringar, satsar m.m. kan du sjå forvaltningsplanen det aktuelle området.

Les utlysingsteksten og rettleiingsteksten i søknadsskjemaet nøye. Kommunen kan ha stilt fleire eller andre krav til innhaldet i søknaden ut frå lokale forhold.

Vedlegg til søknaden

I rettleiinga til søknadsskjemaet er det ført opp kva som er obligatoriske vedlegg til søknaden, og kva som er valfritt. I tillegg kan kommunen i utlysingsteksten sin ha stilt krav om vedlegg med nødvendig informasjon.  Alle vedlegg må sendast inn saman med søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Gå til skjemaet Jordbrukssatsing i verdsarvområda. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.      

Har du spørsmål om søknaden, kan du ta kontakt med kommunen som har ansvaret for å behandle søknader i det aktuelle området.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kva for eit verdsarvområde tiltaket skal gjennomførast i
  • kvar tiltaket skal gjennomførast
  • om du søkjer tilskot til drift / årleg tiltak eller eingongs-/investeringstilskot 
  • kva du har tenkt å gjere
  • skildre området og tilstanden til bygningen/arealet eller kvar tiltaket skal gjennomførast
  • skildre omfanget av og føremålet med tiltaket
  • korleis skal tiltaket gjennomførast (arbeidsmetodar, materiale osv.)
  • kven som skal utføre tiltaket
  • grunngje korleis dette tiltaket er i tråd med føremålet med ordninga
  • skildre noverande bruk og kva du har tenkt å bruke bygningen/arealet/objektet til etter at tiltaket er fullført
  • framdriftsplan for tiltaket

I tillegg skal du leggje ved vedlegg

I søknadsskjemaet er det opplyst kva som er obligatoriske vedlegg, og kva som er valfritt. Alle vedlegg må sendast inn saman med søknaden.

Obligatorisk vedlegg for tilskot til drift / årleg tiltak

  • opplysningar om omfang av dyr på beite, type areal som skal skjøttast, støling, gjerding, ferdselstiltak med meir. Du treng ikkje leggje ved kostnadsoverslag, finansieringsplan eller føre opp søknadsbeløp ved søknad om drift / årleg tiltak.

Mal for obligatorisk vedlegg til søknad om tilskot til drift / årleg tiltak 

Obligatoriske vedlegg for eingongs-/investeringstilskot

Kostnadsoverslag

  • overslaget skal omfatte dei totale kostnadene for tiltaket du søkjer tilskot til
  • dette kan vere både materialkostnader, kjøp av tenester og arbeid
  • beløp utan mva. dersom tiltaket har frådragsrett for mva.
  • (om du har fått eit detaljert pristilbod frå til dømes handverkar/entreprenør, kan dette også takast med)

Finansieringsplan

  • korleis du har tenkt å finansiere tiltaket
  • søknadssum
  • om du har eigendel, eigenkapital eller har tenkt å utføre noko av arbeidet sjølv (ved eigeninnsats, før opp sats/timar)
  • om du har søkt eller fått anna finansering til dette tiltaket (til dømes frå Kulturminnefondet, Sparebankstiftelsen, SMIL, verkemiddel frå kulturminneforvaltninga eller naturforvaltninga eller liknande)

Mal for obligatorisk vedlegg til søknad om tilskot til investerings-/eingongstiltak

Andre vedlegg

Tilleggsinformasjon om krav til vedlegg kan du også finne i utlysingsteksten frå kommunen. Alle vedlegg må sendast inn saman med søknaden.

Dette kan vere relevante vedlegg:

  • kart som viser kvar tiltaket skal gjennomførast
  • bilete av arealet eller objektet før tiltaket blir sett i gang
  • arbeidsteikningar som skildrar materiale og metodar
  • skriftleg løyve for gjennomføring av tiltaket frå eigaren og eventuelle rettshavarar, dersom du sjølv ikkje er eigar av eigedommen der tiltaket skal gjennomførast
  • skriftleg avtale om gjennomføring av fellestiltak med fleire andre aktørar
  • fråsegner frå fagfolk om det planlagde tiltaket
  • skjøtselsplanar og tilstandsregistreringar
  • stadfesting frå andre finansieringskjelder

Merk! Kommunen kan setje fleire krav til innhaldet i søknaden.  

Sende søknad

Du skal i søknadsskjemaet velje mottakar av søknaden. Her skal du velje namnet på det aktuelle verdsarvområdet der tiltaket skal gjennomførast. Når du trykkjer «Send», blir søknaden automatisk send til den kommunen som har ansvaret for å behandle han.

Stadfesting

Når kommunen har teke imot søknaden, får du ei stadfesting i Altinn, eller til Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette. Mangelfulle søknader kan avvisast.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer endeleg vedtak. Kommunen skal vurdere om tiltaket er i tråd med regelverket og føremålet med ordninga. I behandlinga hentar kommunen inn nødvendig kunnskap om landbruk, natur og kulturminne.     

Vurderingskriterium

  • om kostnadene står i forhold til målet med tiltaket og den forventa effekten
  • om tiltaket inngår i målretta og langsiktig arbeid som fremjar føremålet med tilskotsordninga

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar, rapportering og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i Altinn, eller til Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden. Du kan normalt forvente svar innan 12 veker etter søknadsfristen. Dersom du får innvilga tilskot, vil det i tilskotsbrevet stå kva vilkår som må oppfyllast for å få betalt ut tilskotet.

Utbetaling

Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet. For fleirårige og større prosjekt kan det vere aktuelt å be om utbetaling undervegs i prosjektperioden. For eittårige og mindre prosjekt skal oppmoding om utbetaling helst skje etter at prosjektet er avslutta. Delar av tilskot kan utbetalast etter kvart som du godtgjer framdrift i gjennomføringa av tiltaket og rapporteringa er godkjend.

Minst 25 prosent av tilskotet blir halde tilbake til tiltaket er gjennomført og ein sluttrapport og sluttrekneskap er godkjend.

Vilkåra for å få betalt ut tilskot må vere oppfylte for at utbetalingsførespurnaden kan sendast inn.

Du kan sende utbetalingsførespurnaden digitalt via Altinn slik:

  1. Logg deg inn i altinn.no
  2. Vel kven du skal representere (føretak eller privatperson).
  3. Vel «Alle skjema» og søk fram skjemaet som du skal registrere utbetalingsførespurnad for
  4. Vel «Start teneste» og eventuelt «Vidare»
  5. Klikk på den blå knappen «Registrer utbetalingsanmodning» under søknaden.

Når saksbehandlaren har behandla utbetalingsførespurnaden, får du tilsendt svarbrevet i Altinn eller Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp på søknaden.

Sende rapport

Dersom du får innvilga tilskot, skal du sende ein rapport om måloppnåing, og bruken av tilskotet saman med utbetalingsførespurnaden. Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet.

Landbruksdirektoratet har laga rapporteringsskjema som er obligatoriske å leggje ved den digitale utbetalingsførespurnaden for del- og sluttutbetaling:

Mal for rapporteringsskjema for tilskot til eingongs-/investeringstiltak

Mal for rapporteringsskjema for tilskot til drift / årleg tiltak

Kontroll

Kommunen, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kan kontrollere at vilkåra for utbetaling av tilskotet er oppfylte, og gjennomføre stadleg kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.

Klage

Du kan klage på vedtaket på søknaden. Klaga sender du til kommunen. Om ikkje kommunen gjer om vedtaket, blir klaga send til statsforvaltaren, som behandla klagesaka. Dersom klaga påverkar tiltak som er knytte til natur- og kulturminneforvaltninga, har dei høve til å uttale seg om saka før statsforvaltaren gjer endeleg vedtak.        

Klagefrist: 3 veker.  

Omtrentleg tid for klagebehandling: normalt innan 12 veker.  

Tilbakebetaling og omgjering

Tilskotet kan bli kravd tilbakebetalt eller vedtaket kan bli omgjort dersom det er gjort feil i utbetalinga, ved regelbrot eller dersom du har gjeve feil opplysningar.

Viktige datoar

Utlysing:

midlane blir lyste ut av kommunen

Søknadsfrist:

kommunen fastset søknadsfrist

Når du får svar:

normalt 12 veker etter søknadsfristen

Treng du hjelp?

Kontakt kommune din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Har du spørsmål om verdsarvordninga, kan du ta kontakt med kommunen i det aktuelle området:

  • Geirangerfjorden: Stranda kommune
  • Nærøyfjorden: Aurland kommune
  • Vegaøyan: Vega kommune 

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk