Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Melde og søkje om hogst i Marka

Gjeld melding om foryngingshogst og søknad om hogst i føreslått verneområde i Marka.

Kven kan melde og søkje?

Skogeigaren skal melde om foryngingshogst og søkje løyve for hogst i føreslåtte verneområde i Marka.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kort om ordninga

  • Foryngingshogst i Marka krev at du sender melding til kommunen.
  • Hogst i føreslått verneområde i Marka krev godkjenning frå statsforvaltaren.
  • Det er ikkje tillate å starte hogst før du har fått svar på melding eller godkjenning på søknad.
  • Du må vere kjend med føresegnene i forskrift om skogbehandling og skogsdrift for skogområde i Oslo og nærliggjande kommunar (Marka).

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved kart med avmerking av hogstlokalitet utdriftstrasé. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

I skjemaet skal du registrere

  • kven som melder/søkjer
  • opplysningar om hogstareal
  • opplysningar om hogst, utdrift og forynging

I tillegg skal du leggje ved kart med avmerking av hogstlokalitet og utdriftstrasé.   

Sende søknad

Send meldinga eller søknaden med vedlegg til kommunen, på e-post eller som brev i posten.

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinane i kommunen.

Behandling av søknaden

Mottak

Kommunen får både melding om foryngingshogst og søknad om hogst i verneområde i Marka. Dei sjekkar først opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Melding om foryngingshogst blir behandla av kommunen, og dei gjev deg tilbakemelding. Tilbakemeldinga kan til dømes innehalde rettleiing om miljøtilpassingar, pålegg om miljøtilpassingar eller pålegg om reduksjon i flatestorleik.

Søknad om hogst i føreslått verneområde blir behandla av statsforvaltaren, og dei gjer vedtak. Svar på søknaden blir sendt frå kommunen.

Kontroll og synfaring før du får svar

Meldinga eller søknaden kan bli teken ut i kontroll eller for synfaring. Du pliktar å godta kontroll og synfaring, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med gjennomføring. Kontroll og synfaring kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på meldinga eller søknaden i e-post eller i brev i posten, normalt 3 veker etter at det er motteke.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga må du sende til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Omtrentleg tid for klagebehandling: 12 veker.

Kontroll og synfaring etter avverking

Dersom du får løyve til hogst, kan du bli teken ut i kontroll eller for synfaring. Du pliktar å godta kontroll og synfaring, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med gjennomføringa.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

3 veker før tiltaket blir sett i gang

Når du får svar:

normalt 3 veker etter at meldinga eller søknaden er motteken

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Til toppen AI-powered search

KI søk