Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Melde om hogst i vernskog

For hogst i vernskog gjeld regionale og lokale reglar om meldeplikt. Dersom du ønskjer å gjere hogst i vernskog i eit område med meldeplikt, må du sende melding før du set i gang med hogsten.

Kven må melde?

Det er vanleg at hogst i vernskog skal meldast til kommunen før ein set i gang med hogsten. Statsforvaltaren bestemmer om skog skal vere vernskog, grensene for vernskogen, behandling i vernskogen og om det skal vere meldeplikt (lokal forskrift). Alle fylke unnateke Oslo, har vernskog, medan i Nordland og Troms og Finnmark er nesten all skog vernskog.

Om prosessen:

Viktige datoar

Meldefrist:

ta kontakt med kommunen for informasjon om fristen

Når du får svar:

normalt 2 veker etter at meldinga er motteken

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk