Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rapportere småsal og direktesal

Gjeld rapportering av eige sal av ved, juletre og pyntegrønt, og omsetning av eller oppgjer for tømmer som ikkje blir rapportert via Skog-Data.

Kven skal rapportere?

Skogeigarar skal rapportere småsal og direktesal.

Om prosessen:

Før du rapporterer

Kort om ordninga

  • Alle skogeigarar skal rapportere alt småsal og direktesal.
  • Gjeld sal som ikkje blir registrert av Skog-Data (PA eller Viken Skog). 
  • For å rapportere må du
    • ha fått tildelt rettar til kjøpar som er føretak med organisasjonsnummer i Føretaksregisteret, eller
    • vere skogeigar med skogfondkonto 
Utfylling av rapport

Skjema

Gå til Tømmer og virkeregistrering via Altinn for å registrere salet. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.  

Rapporteringsfrist: den 6. i månaden etter at heile eller delar av oppgjeret for det leverte virket har funne stad.  I praksis vil fristen variere mellom den 6. og den 12.

Dette skal du registrere

  • opplysningar om seljaren/skogen der tømmeret kjem frå
  • kven som skal betale inn skogfond
  • opplysningar om kjøparen
  • relevante referansar til EUs tømmerforordning
  • opplysningar om målepliktig virke som det skal setjast av skogfond for

Dersom du ikkje har høve til å rapportere digitalt, kan du bruke skjemaet Rapportering av skogfond og måleopplysningar (LDIR-918) for å sende rapporten på e-post eller i vanleg post.

Levere rapporten

Når du har registrert og lagra opplysningane, ligg dei i systemet. Levering skjer automatisk mellom 6. og 12. i kvar månad avhengig av helgar og ferie og fridagar. Alle opplysningane du har lagra i perioden, blir då automatisk leverte. Etter dette kan du ikkje lenger endre, slette eller leggje til opplysningar for perioden.

Dersom du har brukt skjema, kan du sende dette på e-post eller i vanleg post til kommunen din.

Behandling av opplysningane

Vidare behandling av opplysningane

  • Landbruksdirektoratet sender på vegner av statsforvaltaren krav om innbetaling av skogfond og oversikt over kor mykje du skal setje av i FoU-avgift til kjøparen. Dette blir sendt som PDF-vedlegg på e-post.  
  • Kommunen kontrollerer og godkjenner opplysningane som er registrerte.
  • Statsforvaltaren godskriv den enkelte skogfondskonto med rapportert skogfond.
  • På slutten av rekneskapsåret sender statsforvaltaren ei utskrift til likningsstyresmakta og til kvar skogeigar over avvirka kvantum, bruttoverdi og beløp som er sett av til skogfond.

Kontroll

Rapporten kan bli teken ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.

Kva opplysningane blir brukte til

  • gje politiske styresmakter oversikt over alt skogvirke som blir hogge til foredling eller sal
  • sikre trekk og innbetaling av skogfond
  • grunnlag for FoU-avgift til Skogtiltaksfondet
  • dokumentere at hogst blir utført på lovleg måte (EUs tømmerforordning)
Betaling til skogfond

Krav om innbetaling og avsetning

Du som kjøpar, får krav om innbetaling til skogfond og oversikt over kor mykje du skal setje av i FoU-avgift, som PDF-vedlegg på e-post. 

Dokumentet du får, har tre delar

  • Krav om innbetaling av trekt skogfond. Du må betale kravet innan betalingsfristen som står i dokumentet. Der finn du også beløp og bankkontonummer.
  • FoU-avgift til Skogtiltaksfondet. Avgifta skal du betale samla og etterskotsvis 15. februar og 15. august.
  • Spesifikasjon over grunnlag for både trekt skogfond og FoU-avgift.

Viktige datoar

Rapporteringsfrist:

den 6. i månaden etter at heile eller delar av oppgjeret for det leverte virket har funne stad. I praksis vil fristen variere mellom den 6. og den 12.

Omtrentleg saksbehandlingstid:

Tida frå rapporteringa er levert, til skogfond er godskrive skogfondkontoen er 2 veker.

Frist for å betale til skogfond:

14 dagar frå ein får kravet

Frist for å betale FoU-avgift:

15. februar og 15. august

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Til toppen AI-powered search

KI søk