Tilskot til tømmerkai
Tømmerkaier er ein viktig del av infrastrukturen i skogbruket. Tilskotsordninga har bidradd til ei rekke tømmerkaier. Det er forventa at ordninga opphøyrer etter kvart som behovet for kaier blir dekt.
Tilskotsordninga for tømmerkaiar er under avvikling
Det vil ikkje bli fleire tildelingar til tømmerkaiar framover. Det blir ikkje lagt opp til ny søknadsrunde i 2026.
.
Kven kan søkje?
Framtidig eigar av kaianlegg kan søke om tilskot til bygging av tømmerkaier og tilhøyrande baklager for sjøtransport av skogsvirke fram til industrien.
Kva kan du søkje midlar til?
- Det kan søkast om tilskot til skogbruksandelen av kostnadane ved nybygging eller ombygging av tømmerkaier og tilhøyrande baklager.
Kort om ordninga
- Fellesanlegg/fleirbruksanlegg med stor betydning for skognæringa og anlegg som er samfinansiert av fleire næringsinteresser vil bli prioritert for tilskot.
- For fylka i kystskogbruket vil i tillegg tilrådingane i kai-rapporten frå SINTEF (2011) vektleggjast i prioritering av søknader om tilskot.
- Ved utbetaling av tilskot til tømmerkaier skal det ligge føre ei tinglyst erklæring om bruksrett til tømmerkaia for skogeigarane i dekningsområdet.
- Landbruksdirektoratet behandlar søknad om tilskot og fattar vedtak.
Det er ønskeleg med ei god forankring av aktuelle kaiprosjekt for skogbruket. Ta gjerne kontakt med skogansvarleg hos Statsforvaltaren eller Helge Kårstad frå kaiprosjektet i Kystskogbruket, tlf. 480 20 261, for å drøfte aktuelle utbyggingsprosjekt.
For å sikre at søknaden er fullstendig må han innehalde følgjande:
- Eigarforholda, både før og etter utbygging av kaianlegget, må kome fram av søknaden. Samarbeid med andre aktørar beskrivast viss det er aktuelt. Det vil vere positivt med fleire aktørar, samstundes som det blir føresett at behova til skogbruket blir varetekne.
- Planstatus for kaianlegget må gå fram av søknaden.
- Anslag på tømmervolumet som vil bli transportert over kaia i kommande 25 års periode må gå fram av søknaden. Anslaget må sannsynleggjera dei tømmerressursane som kaia dekker og tilgjenget til desse.
- Standard på det offentlege vegnettet og skogsvegnettet i tilførsleområdet til kaianlegget skal beskrivast. Forhold som skapar avgrensingar for tømmertransporten skal gå fram av beskrivinga.
- Lagermoglegheitene på kaifront og baklager må beskrivast. Moglegheitene for døgnkontinuerleg drift ved kaia skal gå fram i søknaden.
- Djupn og andre tekniske forhold ved kaianlegget skal beskrivast. Djupna må, etter utbygging, vere minst åtte meter ved lågaste tidevasstand.
- Eit realistisk budsjett med kostnadsoverslag må inngå som grunnlag i søknaden. Det må gå fram korleis ansvar og kostnader vert fordelt mellom aktørane som er involverte i anlegget.
- Ein finansieringsplan som viser fordeling og finansiering av kaiutbygginga skal inngå som grunnlag i søknaden.
- Drifts- og vedlikehaldsansvaret for kaia skal beskrivast. Det er viktig at det er klare ansvarsforhold for korleis kaia skal driftast og haldast ved like og korleis dette er tenkt finansiert.
- Rettane til skogeigarane som sokner til kai og baklager må ligge føre i eit utkast til erklæring om bruk. Alle skogeigarar skal sikrast lik rett til bruk, uavhengig av kva aktør som omset tømmeret. Erklæringa bør ha ei varigheit på minimum 25 år. I erklæringa bør det settast fristar for å melde inn behov, og eventuelt for kor lang tid skogbruket kan bruke kaifronten. Retningsliner for nivå på brukssatser bør òg vere et punkt i erklæringa. Før utbetaling av eventuelt innvilga tilskot skal slik erklæring tinglysast på det gards- og bruksnummeret der tømmerkaia ligg.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no.
Søknadsfristen er 15. august.
Landbruksdirektoratet behandlar søknad og fattar vedtak.
Følgande kriterium leggast til grunn i prioritering av søknader:
- Fellesanlegg/fleirbruksanlegg med stor betydning for skognæringa og anlegg som er samfinansiert av fleire næringsinteresser vil bli prioritert.
- Anlegg med godkjend reguleringsplan vil bli prioritert.
- Anlegg der døgnkontinuerleg drift er mogleg vil bli prioritert.
- Anlegg med stort tømmervolum/år vil bli prioritert.
- Anlegg med låg kostnad pr kubikkmeter tømmer vil bli prioritert.
- Ved prioritering av søknader og tilskot vil det òg vere viktig å bidra til ei god geografisk dekning av kaianlegg.
- For fylka i kystskogbruket vil i tillegg tilrådingane i kai-rapporten frå SINTEF (2011) leggast vekt på i prioritering av søknader for tilskot.
- Kystskogbruket si vurdering kan leggast vekt på i prioriteringa.
- I tillegg vil Landbruksdirektoratet si heilskapsvurdering leggast til grunn for prioritering av søknader og tilskot.
Tilskotsandel fastsettast for det einskilde prosjekt, inntil 80 prosent av skogbrukets kostnadsandel i kaianlegget. Avgjerande ved fastsetting av tilskotsandel vil vere kor store tømmervolum som skal skipast ut frå kaianlegget, og kor godt anlegget kan fungera som utskipingspunkt for tilgrensande område.
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. I tillegg annonserer Landbruksdirektoratet kven som har fått tilskot, på nettsidene.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sendast til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefrist: tre veker etter at du har motteke vedtaket.
Pårekna tid for klagebehandling: fire veker.
Utbetaling
Inntil 75 prosent av tilskotet kan utbetalast undervegs i prosjektperioden. Dei resterande 25 prosent haldast tilbake fram til anlegget er ferdigstilt, sluttrapport og sluttrekneskap er godkjent av Landbruksdirektoratet og bruksrettserklæring for skogeigarane er tinglyst. Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler pengane.
Slik får du pengane utbetalt
For å få delutbetaling må du sende ei oppmoding om utbetaling, med prosjektrekneskap som gir ei oversikt og ei beskriving av dei påkomne utgiftene.
Send oppmodinga på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no. Hugs å merkje oppmodinga med prosjektnamn og referansenummer, og skriv organisasjons- og bankkontonummer.
Sluttrekneskap
Når prosjektet er gjennomført skal du levere ein sluttrekneskap som viser kostnadane i prosjektet. Sluttrekneskapen skal utan vidare kunne samanliknast med kostnadskalkylane og finansieringsplanen som låg til grunn for søknaden.
Det skal til ein kvar tid vere mogleg å kontrollera at midlane er brukt etter føresetnadane, slik at dette kan kontrollerast av Landbruksdirektoratet eller Riksrevisjonen.
Endringar i prosjektet
Viss det blir forseinkingar eller endringar i prosjekt- eller finansieringsplan, skal du melde dette til Landbruksdirektoratet så tidleg som mogleg. Du må grunngje forseinkinga og leggje fram ny framdriftsplan.
Tilbakebetaling og avkorting
Viss det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller om du har gitt feil opplysingar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Tilskotet kan trekkast tilbake eller reduserast, viss prosjektet blir avbrote eller ikkje gjennomført etter planen. Tilsvarande kan tilskot som allereie er utbetalt, krevjast tilbake.