Tine-avtala
Her finn du informasjon om den såkalla «Tine-avtala» som er inngått mellom staten og Tine SA.
Om Tine-avtala
Staten ved Landbruksdirektoratet og Tine SA inngjekk i 2003 ei avtale som forpliktar Tine SA til å skilje administrativt og rekneskapsmessig mellom råvarehandtering og anna verksemd (den vidare foredlinga av mjølkeprodukt) i Tine SA, den såkalla Tine-avtala. Dette skiljet er viktig for å sikre at uavhengige meieriselskap og Tines eiga foredlingsverksemd har same råvarepris på mjølk.
Avtala vart inngått på grunnlag av jordbruksavtala og vart sist revidert i 2012.
Tine SA etablerte ei særskild avdeling, Tine Råvare (frå 2023 Norsk mjølkeråvare) som skal handtere alt av Tine si omsetning av mjølk som råvare. Avtala gir òg Landbruksdirektoratet ein kontrollfunksjon.
Norsk mjølkeråvare har ansvar for handtering, inntransport og sal av mjølkeråvare til Tine si eiga foredlingsverksemd eller andre meieri. Norsk mjølkeråvare skal selje mjølka til alle aktørar til same pris kvar enkelt veke. Denne prisen vert kalla noteringspris og Norsk mjølkeråvare rapporterer noteringsprisen og selt volum på vekebasis til Landbruksdirektoratet. Kvar vekevis noteringspris vert vekta med mjølkevolumet som vart selt i den same veka, og det vert berekna ein gjennomsnittleg vekta noteringspris for jordbruksavtaleåret.
Les meir om volumbasert regulering på vår nettside "Prissystemet i jordbruket"
Kva inneber avtala?
Kostnader og inntekter i samband med råvarehandteringa som skjer før salet av mjølkeråvara (før noteringspunkt) skal inngå i Norsk mjølkeråvares rekneskap. Norsk mjølkeråvare skal korkje gå med overskot eller underskot. Eventuelle over- og underskot i Norsk mjølkeråvare i løpet av kalenderåret, skal utliknast mot produsent, sjå punkt 2.1 i avtala.
Fram til volummodell mjølk vart innført 1. november 2024 har direktoratet etter punkt 4.1 i avtala godkjent årlege rammer for Norsk mjølkeråvare som rører ved det administrative og økonomiske skiljet. Frå 2025 vert desse rammene berre sendt over som grunnlag for kontrolloppgåva til direktoratet.
Norsk mjølkeråvare skal også leggje fram tenesteinstruksar mellom Norsk mjølkeråvare og andre einingar i Tine SA. Oppgåver og tenester (til dømes logistikk, rådgiving og rekneskap) som andre einingar i Tine SA utfører for Norsk mjølkeråvare, skal etter avtala styrast gjennom slike tenesteinstruksar.
Styret i Tine SA godkjenner Norsk mjølkeråvares rekneskap. Revidert rekneskap vert sendt til direktoratet, jf. punktet 3.6 i avtala. Direktoratet går gjennom rekneskapen og vurderer om den er i tråd med avtala.
Avtala skal etter planen avløysast av ei forskrift frå 1. januar 2026. Sjå meir i nyheitssaka "Ny prismodell for mjølk".
Her kan du sjå Tine-avtala i sin heilskap.