Om verdsarvsatsinga i landbruket
Stadene på verdsarvlista er valde ut fordi dei har ein spesiell kulturell eller naturhistorisk betydning for menneskeslekta.
Kva er verdsarv
Verdensarven er den kultur- og naturarven som blir rekna som å ha unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt.
Verdsarvlista vart etablert i 1972 av UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCOs liste over kultur- og naturarven i verda (the World Heritage List) er ei liste over kultur- og naturarv av fremståande universell verdi. Lista inneheld om lag 1 000 stader, både kulturstader og naturområde, i over 167 land. I Noreg har me åtte verdsarvstader.
Verdsarvkonvensjonen definerer kategoriar for kva som kan reknast som kultur- og naturarven i verda (verdsarvverdiane) og på kva måte verdssamfunnet skal gå fram for å sikra denne arven. Det er eit krav om at områda som står på lista skal vernast og bli teken vare på for framtida.
Verdsarvverdiane er definerte gjennom ti kriterier.
Om verdsarven i Noreg
For å bli teken med på verdsarvlista må ein stad møta minst eitt av dei ti kriteria. I Noreg er det Klima- og miljødepartementet som har ansvaret for å nominera stader til lista.
Noreg har i dag åtte område på UNESCOs liste over verdsarv.
- Bryggen i Bergen (1979)
- Urnes stavkyrkje (1979)
- Røros bergstad og Circumferensen (1980 og utvida i 2010)
- Bergkunsten i Alta (1985)
- Vegaøyan (2004)
- Struves meridianboge – fire norske punkt (2005)
- Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjorden og Nærøyfjorden (2005)
- Rjukan-Notodden industriarv (2015)
Verdensarv i Norge (unesco.no)
Verdsarvsatsinga i landbruket
Av desse åtte verdsarvstadene i Noreg er det spesielt treområde der landbruket speler ei vesentleg rolle. Dette er Vegaøyan på Helgelandskysten, Vestnorsk fjordlandskap Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og Røros bergstad og Circumferensen. Disse tre områda har store verdiar knytte til kulturlandskapet til jordbruket, og der verdiane i stor grad vil bli svekte dersom det aktive jordbruket minkar eller stansar. Noreg har forplikta seg internasjonalt til å ta vare på desse verdiane.
Det blir sett av årleg midlar over Landbrukets utviklingsfond til ei eiga satsing for å styrkja landbruket i tre verdsarvområde. Landbruket har vore i tilbakegang i desse områda og formålet med tilskota er å sikra framleis drift og skjøtsel.
I 2025 var det sett av 9,5 millionar kroner over jordbruksavtalen til desse tre områda. Det vart løyvd 2,3 millionar kroner over Klima og miljødepartementets(KLD) budsjett til samfinansiering med jordbruksavtalemidlane. I tillegg bidreg KLD med store midlar til verdsarvområda som mellom anna omfattar informasjonsarbeid og tilretteleggingstiltak for å vareta forpliktingane gjennom verdsarvkonvensjonane.
Kommunen har ansvaret for tilskotsordninga. Ordningane Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga har same forskrift. Det er utarbeidd områdeplanar og tiltaksplanar og tilskot skal tildelast i samsvar med planane for området. Midlane skal sjåast i samanheng med andre middel frå landbruks- og miljøforvaltninga.