Til hovedinnhold

Høyring av endringar i forskrift om kvoteordninga for mjølk

Forslaga gjeld den regeltekniske oppfylginga av at det i jordbruksoppgjeret 2023 vart bestemt å redusere produksjonstaka.

I jordbruksoppgjeret vart det bestemt at disponibel kvote for eitt enkelt føretak eller frå éin enkelt landbrukseigedom skulle reduserast frå 900 000 liter til høvesvis 700 000 liter kumjølk og 350 000 liter geitemjølk. Det vart òg opna for at 100 % av kvotemengda skulle kunne seljast privat i omsetningsrundane 2023 og 2024.

Forskrift om kvoteordninga for mjølk vart sendt på høyring av Landbruks- og matdepartementet den 30. oktober.

Høyringsfrist er 13. desember 2023.

Meir informasjon om høyringa finn du på nettsida til Landbruks- og matdepartementet

Til toppen AI-powered search

KI søk