Til hovedinnhold

Produksjonstak for mjølk satt ned frå nyttår

Produksjonstaka er endra til 714 000 liter kumjølk og 350 000 liter geitemjølk. Forholdstalet er sett til 1,02 for kumjølk og 0,95 for geitemjølk.

Melkeku på beite.jpg
Melkekyr på innmarksbeite

Det er fastsett individuelle rettar for føretak som disponerer grunnkvoter utover dei nye produksjonstaka. Det vil seie at dei kan behalde sin tidligare disponerte kvote.

Det er også opna for at føretak som var i prosess for å utvide mjølkeproduksjonen per 31. desember 2023, etter søknad kan få fastsett ein individuell leveringsrett.

Landbruks- og matdepartementet fastsette endringar i kvoteforskrifta den 21. desember 2023. Endringane gjeld oppfølginga av Jordbruksavtalen 2023–2024, og får tyding for kvoteåret 2024.

Meir informasjon om endringane finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider, og sjølve forskifta finn du på Lovdata.no.

Til toppen AI-powered search

KI søk