- Hjem
- Om direktoratet
- Samfunnsoppdraget
Samfunnsoppdraget
Vårt samfunnsoppdrag og strategi
Jobben vår er å setje landbrukspolitikken og handelspolitikken på landsbruksområdet ut i livet. Vi skal bidra til å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag og på bakgrunn av dette gi råd for politikkutviklinga.
-
Vi skal drive samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel.
Verkemidla skal forvaltast i samsvar med gjeldande regelverk og bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken.
Vi skal vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet.
Vi skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåelsen opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling.
Vi skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Vi skal samhandle godt med fylkesmannsembeta og regional forvaltning for å bidra til god lov- og tilskotsforvaltning på regionalt og lokalt nivå.
Vi skal gjennom kontroll og oppfølging bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.
Vi har også oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog og natur- og avlingsskadar.
-
Med verdiane som grunnlag skal vi svare på samfunnsoppdraget. Verdiane skal kjenneteikne kulturen vår. Alle medarbeidarane i direktoratet skal etterleve verdiane i arbeidet sitt og i kontakten sin med andre, både internt og eksternt.
Open
- Vi lyttar og er mottakelege for innspel.
- Vi kommuniserer tydeleg både internt og eksternt.
- Vi deler kunnskap, kommuniserer kva vi gjer og kvifor vi gjer det.
Pålitelig
- Vi er ærlege og til å stole på.
- Vi forstår direktoratrolla og samfunnsoppdraget.
- Vi leverer faglege tenester av høg kvalitet og til rett tid.
Engasjert
- Vi er opptekne av resultat og engasjerer oss for å yte vårt beste.
- Vi bruker den samla kunnskapen vår og erfaring for å nå ambisiøse mål.
Nytenkende
- Vi er utviklingsorienterte og prøver ut nye idear.
- Vi er endringsvillige og set i verk nye løysingar raskt og effektivt.
-
Landbruksdirektoratet skal tenkje nytt og tilby tenester som gir auka verdi og kvalitet. For å oppfylle samfunnsoppdraget og komme dei utfordringane i møte vi ser komme, har vi valt å særleg framheve fire strategiområde.
Følgjande strategiområde skal vere retningsgivande i strategiperioden 2020-2025:
- brukarretta og effektiv forvaltning
- tydeleg kunnskapsleverandør
- nyskapande verksemd
- attraktiv arbeidsplass
Strategiområdene brukarretta og effektiv forvaltning og tydeleg kunnskapsleverandør seier noko om korleis vi skal stå fram med våre tenester når vi løyser samfunnsoppdraget.
Attraktiv arbeidsplass er ein viktig premiss for å rekruttere, utvikle og behalde kompetente medarbeidarar. Det er berre slik vi blir i stand til å levere våre tenester.
Å vere ei nyskapande verksemd er ein føresetnad for fornying og omstilling, noko som bidreg til at vi kan levere over tid.