Rognebærmøll (Argyresthia conjugella) er det viktigaste skadeinsektet i norsk epleproduksjon, med opp mot 100 % skade i år med åtak. Etter ein roleg periode på byrjinga av 2000-talet var det store åtak i 2018, 2020 og 2022, og åtak i 2025 er svært sannsynleg. Ingen plantevernmiddel er godkjende mot møllen, og norske fruktdyrkarar har vore avhengige av dispensasjon for det syntetiske plantevernmiddelet Coragen. Dette er ikkje ei berekraftig ordning, og målet med prosjektet er å etablera ein ny plantevernstrategi mot rognebærmøll basert på ny kunnskap om både møll og alternative tiltak.
Eplearealet i Noreg har auka med 2.000 dekar dei siste 10 åra, og avlinga med 10.000 t. Manglande tiltak mot rognebærmøll i åra framover vil ha store økonomiske konsekvensar for produsentar og fruktpakkeria, som igjen vil påverka rekruttering til næringa og busetnad i distrikta. Som namnet seier er rognebærmøllen spesialist på rognebær. Berre dei åra det ikkje er bær på rogna invaderar møllen eplehagane. Årlege varsel om fare for angrep vert utarbeida basert på ein norsk varslingsmodell, men det hjelper lite om det ikkje finst tiltak. I prosjektet skal vi undersøkja om insektnett eller fangplanter kan hindra rognebærmøll i å invadere eplehagane, men òg testa lågrisiko plantevernmiddel mot egg og nyklekte larver. For å lukkast med desse strategiane, må vi studera innflyging, egglegging og vertsplanteval meir detaljert enn tidlegare. Tidleg varsel om åtak og betre forståing av kva som styrer mengda rognebær er viktig når krevjande førebygging og kontrolltiltak må setjast inn. Vi skal bruke historiske tidsseriar og samle nye data for å undersøkje påverknaden av klimafaktorar på blomeknoppdanning og vekselbering i rogn året før bering. Ny kunnskap frå prosjektet må inn i varslingsmodellen, slik at han blir til betre hjelp med timinga av nye metodar og tiltak i eit endra klima.