Bringebær er den nest største bærkulturen i Noreg og vert dyrka i alle regionar av landet. Det har vore ein generell nedgang i avling per arealeining dei siste åra. Dette kan ha fleire årsaker, men dårleg skothelse er ein viktig faktor for den svekka produksjonsevna vi ser i bringebærfelta. Dårleg skothelse kjem oftast frå angrep av ulike planteskadegjerarar. Desse inkluderer fleire viktige sjukdomar, men to av dei som har gitt stor reduksjon i avlingane dei seinare åra, er greinbrann og bakteriesvulst. Dei er forårsaka av høvesvis soppen Paraconiothyrium fuckelii og bakterien Agrobacterium tumefaciens. Utbreiing og tiltak mot dei to nemnde sjukdomane har tidlegare ikkje vore undersøkt her i landet. For å snu den negative avlingstrenden i bringebærproduksjonen er det særs viktig å finne effektive tiltak som kan betre plantehelsa.
Bærprodusentane har større avlingstap grunna dårleg skothelse, færre
plantevernmiddel å hjelpe seg med, og utgiftene til arbeidskraft har auka kraftig. Det er forventa at AÅB reduserer arbeidskostnadane, men det er ikkje undersøkt kor mykje. Dersom forprosjektet viser at AÅB reduserer smitte av greinbrann og bakteriesvulst, skal målet til eit forskingsprosjekt vere å optimalisere denne dyrkingsteknikken, slik at dyrkaren får best mogleg utbytte per arealeining. Bærdyrking er ei viktig næring på små og mellomstore gardsbruk i Noreg, og effektiv arealnytting betyr mykje for økonomien til produsentane.