Prosjektfakta 

Prosjektnummer204760
Prosjektleder Stein Harald Hjeltnes
ProsjekteierNjøs frukt- og bærsenter AS
SamarbeidspartnereGartnerhallen SA, NLR Vest, Sogn Frukt og Grønt SA og Norsk Regnesentral
Prosjektperiode 2023
OrdningForskningsmidlene for jordbruk og matindustri
ProsjekttypeForprosjekt
Midlene er innvilget avStyret for fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter
InnvilgetKr. 600 000,-
Resultatrapport 
Prosjektbeskrivelse

Gode prognosar for leveringstid, tonnasje og kvalitet er svært viktig for kva plass norsk frukt og bær kan ta i marknaden, og for økonomien til produsentane og pakkeria. Norsk frukt og bær er utsette for sterk konkurranse med import, både på typar som ikkje kan dyrkast i Norge, og av typar som vert produserte i Noreg i stor utstrekning. Norsk vare utgjer ein liten del av den totale omsetninga av frukt og bær i Noreg, men har eit stort potensiale i den perioden (sesongen) der norsk vare er inne. Difor er det særs viktig at norske produsentar kan gje gode prognosar til verdikjeda som skal få norske frukt og bær fram til norske forbrukarar, slik at dei ikkje fyller opp systema med importert vare.

Prosjektet skal leggja grunnlag for eit heilskapleg system som gir optimal datautnytting for prognosar i frukt og bær. Det er ei "nedanfrå og opp" tilnærming for korleis vêrforholda påverkar utvikling av frukt og bær under ulike forhold og korleis det påverkar tilførsla i marknaden. Gjennom vekstsesongen vert det i dag samla inn data hjå mange ulike kjelder, utan at det finst noko system for korleis desse blir samla eller validerte og forbetra. I prosjektet ynskjer ein å kartleggja kva data som er tilgjengelege og samanstilla desse. Deretter vil ein testa ulike matematiske modellar for prediksjon av avling og hausatetid på utvalde pilot-lokasjonar og kvantifisera kva ein kan tena på å bruka informasjon om jordkvalitetet og lokalklima på mikronivå samanlikne med bruk av berre makroklimatiske data. Prosjektet skal definera viktige modellparametrar og opplegg for datafangst i ei framtidig system, og leggja grunnlag for eit større forskingsprosjekt på prognosar i frukt og bær som er kopla opp mot SFI "Climate Future". Konsortiet som er etablert i prosjektet har høg kompetanse innan alle relevante område for å kunna utvikla gode prognosemodellara i frukt og bær. 

Resultater

Forprosjektet på prognosar i frukt og bær har vore konsentrert til frukt, og har sett på korleis ein kan kobla saman data som blir innhenta hjå ulike aktørarar for å prgnostisera tidspunkt for blomstring og hausting. Data blir samla i ulikt format og med ulike metodar, og standardisering av metodikk er viktig i eit nytt hovudprosjekt. Nye data er samla inn etter definerte metodar, og det er testa ut sensorar for registrering av lokalklima for å sjekka opp mot observerte stadier i fruktartene. Utprøvd sensorikk har ikkje svara til forventningane, då det var for store feilkjelder ved måling i luft, og for lita rekkevidde ved måling i jord. Difor er det berre NIBIO sitt nettverk som er brukt i prognosearbeidet. Det er funne så gode samanhengar mellom klimatiske parametrar og utviklingsstadier at det er grunnlag for å starte arbeid med å utvikla ein hovudprosjektsøknad.