Prosjektfakta 

Prosjektnummer279575
Prosjektleder Ingunn Øvsthus
ProsjekteierNIBIO
SamarbeidspartnereNofima, Gartnerhallen og Grøntprodusentenes samarbeidsråd
Prosjektperiode 2025
OrdningForskningsmidlene for jordbruk og matindustri
ProsjekttypeForprosjekt
Midlene er innvilget avStyret for fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter
Innvilgetkr. 750 000
Resultatrapport  
Prosjektbeskrivelse

Det er eit mål om auka forbruk av norskproduserte grøntvarer, fokus på særtrekk ved norsk og forlenga salstid. For å nå måla om forlenga salstid treng ein å selje eple i ein lengre sesong enn i dag. Men tiltaka som skal settast i verk bør ikkje skje på kostnad av smaken. Forsøka gjennomført i regi av desse prosjekta syner at 1-MCP har god effekt for å halda på kvalitetsparameter som fastleik og syre gjennom lagringsperioden.

For å evaluere korleis 1-MCP og lagring påverkar smaken, er det essensielt å 
ha enkle og objektive målemetodar for å bestemme både lukt og smak. I dette forprosjektet ynskjer me å testa ut ulike målemetodar som kan nyttast til forsking på aromastoff i høve til smak og fysiologiske skader i norske eple. Det er trong for eit forskingsprosjekt for å få meir kunnskap om aromastoff i norske sortar vera nyttig for å avdekke kva som skjer under lagring og under modning. Grunnlaget for å få dette til er effektive og enkle målemetodar. Hovudmålet med dette forprosjektet er å undersøke ulike prøveopparbeidings- og målemetodar for å estimere smak og aromastoff i norske eple, og å vurdera om instrumenta kan nyttast for å fastslå  sensorisk og fysiologiske skadar.