Såvareverdikjeda i Norge er svært fragmentert samanlikna med land der eitt firma (eller institutt) er ansvarleg for heile prosessen frå utvikling av ny sort til sal av frø. Engareal som gir gode og stabile grovfôravlingar med optimal kvalitet, er basis for ein berekraftig og økonomisk mjølk- og kjøtproduksjon, og som også kan auka den lokalproduserte delen av fôrrasjonen. På bakgrunn av dei til dels store klimaendringane vi ser, og som utfrå prognosar vil auka i tiåra framover, er det grunn til å stilla spørsmål om eksisterande frøblandingar er optimale for dagens grovfôrproduksjon. I tillegg er det store endringar i driftsmåte og -utstyr.
Bakgrunn for prosjektet
- Engavlingane har ikkje auka som venta med betre sortsmateriale,og frøblandingane kan vera einav mange grunnar til avlingsstagnasjon
- Grovfôrkostnadane er jamt over høge (Grovfôr2020), og grovfôravlinga skal betala kostnadane
- Engareal som gir gode og stabile grovfôravlingar med optimal kvalitet, er basis for ein berekraftig og økonomisk mjølk-og kjøtproduksjon og kan auka den lokalproduserte delen av fôrrasjonen
- Klimaendringar har ført til lengre vekstsesong og fleire ekstremhendingar. Ein varig
plantebestand skal takla desse endringane ved å ha vekstpotensiale for heile vekstsesongen og oppretthalda avlingsstabilitet over år. Artar og sortar i frøblandingane må vera godt tilpassa både klima og bruks-og driftsmåte