Prosjektfakta 

Prosjektnummer309248
Prosjektleder Gaute Myren
ProsjekteierNorsk Landbruksrådgiving Viken
SamarbeidspartnereHardanger Fjordfrukt SA, NÅ Fruktlager SA, Telefrukt Produsentlag SA, Ullensvang Fruktlager SA og Plant Smart AS, NIBIO, University of Sarajevo og University of Belgrade
Prosjektperiode 2020–2025
OrdningForskningsmidlene for jordbruk og matindustri
ProsjekttypeInnovasjonsprosjekt
Midlene er innvilget avStyrene for forskningsmidlene for jordbruk og matindustri
Innvilget8 mill. kroner
Resultatrapport Dette prosjektet administreres av Forskningsrådet. Les mer om prosjektet i Prosjektbanken.
Prosjektbeskrivelse

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Mengda konsumeple levert gjennom engros-systemet har dei 17 siste åra variert frå om lag 12 000 tonn i 2002 til 5 300 tonn i 2015. Den norske produksjonen har minka i denne perioden. Arealet har og vore minkande, men det vert for tida planta til aukande areal med epletre. Det er fylka Hordaland, Telemark, Buskerud, Sogn og Fjordane og Vestfold som har størst omfang . Prosjektet sin overordna mål er å finna fram til prosessar som gir ein berekraftig produksjon med god økonomi for produsentane. Det skal gjennomførast genetisk kartlegging for optimal krysspollinering og undersøkja blomstringstider, pollenkvalitet og frøing hjå ulike eplesortar for å finna optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing. For at pollinerande insekter skal vera attraktive til pollinatorane, er nektar og pollen avgjerande. Pollen og nektar frå handels- og pollensortar i eple skal difor samlast inn og analyserast kjemisk. Dyrkingssystem hjå produsentar som gjev god produksjonsøkonomi skal kartleggjast. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.