Prosjektet har vore eit utgreiingsprosjekt for å undersøke potensialet for robotteknologi innan bringebærdyrking på mindre brukseiningar i bratt terreng. Njøs frukt- og bærsenter har samarbeida tett med Norsk Landbruksrådgivning for å identifisera kva automatiseringsløysingar i bringebærdyrking det er størst behov for og som vil vera best egna for norske forhold. I prosjektet sitt regi har det blitt arrangert workshop der bringebærdyrkarar, rådgjevingsapparat og teknologipartnar var til stades i tillegg til fleire feltbesøk med teknologipartnar hjå utvalde nøkkelprodusentar. Produsentgruppa konkluderte med at bærplukking er den arbeidsoperasjonen med størst potensiale, då bærinnhaustinga er svært pris- og arbeidsintensiv og i hovudsesongen skal store volum haustast inn på kort tid. Slått mellom radene og tynning, var vurdert av produsentgruppa som også høgst aktuelle arbeidsoperasjonar med potensiale for automatisering. For at det skal vera lønsamt for produsentane å leigefinansiere ein robotplattform, bør prisen per kg plukka bær være lågare enn for manuelt arbeid. Plukkekapasitet er dessverre lite undersøkt og dårleg dokumenter, og undersøkingar i regi av prosjektet syner svært stor variasjon mellom plukkarar.