Eit berekraftig jordbruk inneber ikkje berre økonomisk lønsemd, men også reduksjon av klimagassutslepp, effektiv skadedyrkontroll og bevaring av biologisk mangfald. Berekraftige matsystem og verdikjedar tek vare på alle ledda i produksjonen frå primærledd til forbrukar, og burde ha som mål å leggje til rette for løysingar som bidreg til å auke det biologiske mangfaldet. Primærproduksjonen i landbruket er avhengig av mange økosystemtenester, deriblant pollinering, for å oppretthalde produktivitet og lønsame avlingar. Samstundes er arealendringar i jordbruket og den
intensive jordbrukspraksisen kjend for å vere blant dei største pådrivarane til nedgangen av pollinerande insekt, der tilgangen på gode leveområde mange stader er gått tapt.
I dette forprosjektet vil vi kartlegge pollinatorar, særleg ville pollinatorar i eit område dominert av grovfôrproduksjon, der tiltak for å auke biologisk mangfald som t.d. blomestriper er lite utbreidd. Kartlegginga skal bidra til å vidareutviklie kunnskapsgrunnlaget om bestandar i blomefattige område, samt danne utgangspunkt for vidare undersøkingar knytt til tiltak for å styrke levedyktige bestandar.Kartlegginga vil gå føre seg over to år for å ta høgd for årlege svingingar, samt gjennom lange sesongar (april-sept) for å kartlegge pollinatorar med ulik aktiv periode.