Kveik er ei nemning på ein domestisert gjær (mikroorganisme), som har vore i bruk i norsk gardsbrygging i generasjonar langt tilbake i tid. Opphavet kan gå tilbake til då landbruket vart etablert på Vestlandet for ca. 5000 år sidan. Forsking viser at kveik er ei eiga genetisk gruppe av gjærsoppen Saccharomyces cerevisiae med andre fenotypiske eigenskapar som høgare fermenteringstemperatur, raskare fermentering og eit rikare utval av smaksstoff.
Vi veit i dag om ca. 40 ulike opphavlege kveikar i Indre Vestland. Sentralt fokus i prosjektet er å få gjennomført ei fullstending fysisk innsamling av dei opphavlege kveikane, og få sikra desse genressursane i ein kveik-genbank på Vestnorsk kulturakademi (VKA) og hos Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som grunnlag for forsking, innovasjon og utvikling. I prosjektet vil ein sikre dei opphavlege kveikane i Indre Vestland. I tillegg vil vi fortsetje arbeidet med innsamling av DNA-prøver (historiske prøvar) av gammalt bryggarutstyr tilbake til før 1700. NIBIO Bergen, i samarbeid med Vestnorsk kulturakademi, har brukt interne midlar og fått litt forprosjektmidlar frå Regionalt forskingsfond Vestland, som er blitt brukt til ei begynnande innsamling av kveik og til å ta historiske DNA-prøvar i regionen Voss.