Mikroorganismen Kveik er ei nemning på ein domestisert ølgjær (Saccharomyces cerevisiae), som har vore i bruk i norsk gardsbrygging i generasjonar langt tilbake i tid. Analyseresultata frå gen- og bioinformatisk forsking i prosjektet viser at kveik er ein urgjær, som kan gå tilbake til då landbruket vart etablert på Vestlandet for ca 4- 6000 år sidan. Dei siste resultata frå bioinformatisk analyse i prosjektet tyder på at kveik kan vera 4 - 8000 år gammal. Forsking viser at kveik er ei eiga grein av Saccharomyces cerevisiae. I dag finnes. denne gjærsoppen igjen på ein del gardar frå Sunnmøre, Hornindal, Nordfjordeid, Sogn, Hardanger og Voss (Indre Vestland). Etter første del av prosjektet med sikring av genressursen Kveik, kan vi slå fast at det er fleire enn estimatet på 30 – 40 ulike opphavlege kveikar i dette området. Sentralt fokus i prosjektet er å få gjennomført ei innsamling av alle eksisterande kveikar. Vi har no samla inn over 50 kveikar i Indre Vestland. Arbeid som står att:
1) ytterlegare fysisk innsamlinga av kveik som ikkje er kjent.
2) sikra alle desse norske genressursane i ein Kveik-genbank på Vestnorsk kulturakademi, som grunnlag for forsking, innovasjon og verdiskaping. Kveikbanken ved VKA vart offisielt opna 17. august 2024. Sjølv om den ikkje er heilt ferdig innreia eller har fått alt laboratorieutstyret på plass. Det er kome på plass frys og kjøl samt inkubator. Ca 35 av kveikane er sikra i kveikbanken til no. Vi er i dialog med Norges genressurssenter og held på å utarbeida ein fagleg samarbeidsavtale i desse dagar.
3) sikring av den immaterielle kulturarven knytt til bruken av kveik. Det vil vera ei viktig oppgåve for Vestnorsk kulturakademi å sikra den handlingsborne kunnskapen knytt til heimabrygging av øl med kveik i Indre Vestland. I tillegg vil ein vera på leit etter nye kveikar som enno ikkje er oppdaga. Utan vidareføring av kunnskapen om bruk av kveik og rekruttering av nye ølbryggarar vil truleg den opphavlege genressursen forsvinne. Det er planlagt kurs i brygging av øl med kveik i verdskulturarvområdet Geiranger, på Voss og i Hardanger i 2025.
Den fysiske innsamlinga av kveik har vist at omfanget av ulike typar kveik er større enn det som var tidlegare kjent. Det står att litt innsamling av kveik i verdskulturarvområdet Geiranger og Nærøyfjorden i 2025. Det er behov for databaseløysingar for både kulturhistorisk dokumentasjon og genom-data. Vi søkjer derfor her om eit tillegg til det pågåande prosjektet med sikring av genressursen kveik. Vi søker om midlar til å fullføra DNA-analysane, dokumentasjon, lage database-løysingar og sikra fysisk alle dei innsamla kveikane i Kveikbanken.