Prosjektfakta 

ProsjektnummerAgros 286109
Prosjektleder Ingvil Rydjord Hansen
ProsjekteierNorges Fjordhestlag
SamarbeidspartnereLandslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest
Prosjektperiode 2025
OrdningMidler til å fremme hestesport, hestehold og avl
ProsjekttypeHesteavl
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
Innvilget300 000 kroner
Resultatrapport Avsluttet
Prosjektbeskrivelse

Norges Fjordhestlag (NFL), Landslaget for Dølahest (LD) og Landslaget for nordlandshest/lyngshest (LNL) er medlemsorganisasjonar som arbeider for å fremje avl og bruk av dei bevaringsverdige hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest.

NFL, LD og LNL har sidan 2015 arrangert felles Haustmøte annakvart år. Haustmøtet er eit seminar ope for medlemmar av organisasjonane der ein tek opp ulike tema som er relevant for eigarar, oppdrettarar og brukarar av dei bevaringsverdige, norske hesterasane. Døme på tema som har stått på dagsorden på tidlegare Haustmøter er avl i små populasjonar, fôring, sjukdom/helse og organisasjonsutvikling.

I tillegg til å vere ein arena for kompetanseheving, er Haustmøtet også eit viktig sosialt samlingspunkt på tvers av organisasjonane. Det er også svært nyttig for tillitsvalde i organisasjonane å møte medlemmane og kunne få tilbakemelding på aktuelle saker som organisasjonen arbeider med.

På grunn av at organisasjonane sine medlemmar er busett over heile landet, og at ein er avhengig av overnattingsfasilitetar, må Haustmøtet leggast til eit konferansesenter/-hotell, fortrinnsvis i nærleiken av ein flyplass. Haustmøtet samlar vanlegvis 70-90 deltakarar frå dei tre organisasjonane, inkludert tillitsvalde. Kvar enkelt deltakar betalar sjølv for reise og opphald.

Vi ynskjer å samle enno fleire av organisasjonane sine medlemmar til Haustmøtet i 2025. Seminaret vil auke kompetansen til eigarar, brukarar og oppdrettarar av fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest, og i tillegg er det miljøskapande på tvers av organisasjonane.

Resultater

Ein del av programmet vart sett av til bruk av hest, og her valde arbeidsgruppa å inkludere både tradisjonell bruk og sport. Brødrene Sigurd og Ole Peder Svendsen starta fredag med å fortelje om bruk av hest i tidlegare tider og om tradisjonelle køyrevegar som vart nytta.

Laurdag hadde vi foredrag med Ingeborg Tvete, som er fysioterapeut og ridelærar. Ho lærte oss kvifor vi som ryttarar har godt av å trene utanom ridinga, og viste oss enkle øvingar som er praktiske å gjere. Vi hadde også eit foredrag frå Signe Morstøl og Signe Thyholt som rei Noreg på langs i 2025.

Veterinær Linn Anett Hillestad, ein av få utdanna hesteodontologar i landet, hadde eit lærerikt foredrag om hesten sine tenner, skader og plager som kan oppstå i munnen og korleis dette kan påverke hesten i det daglege. Rasmus Bovbjerg Jensen frå Universitetet i Aarhus snakka om haldvurdering av hest. Vi lærte korleis vi vurderer haldet til hesten, og korleis haldet påverkar hesten si helse elles. Vi hadde også foredrag av veterinær Caroline Sorknes Haadem, som orienterte om framdrifta i forskningsprosjektet «FenoMen» som handlar om fruktbarheit hos dei nasjonale hesterasane.