Då var det tideling av ponnier til dei som ikkje hadde eigen ponni. Vi hadde leigt inn 8 ponnier frå Forus travskule, og så fekk enkelte vera med på ein av ponniane som var med eigar. Prøvde å få til ei blanding av dei med litt erfaring og dei med mindre. Dette for at dei skulle læra av kvarandre. Så var det gjennomgang av stell og bruk av ponniane teoretisk.
Lørdag opna med frokost, både for folk og ponnier, så var det stelling av ponnier og oppseling for dagens første økt med ridning. Det var turridning i terreng. Dei som ikkje rei, gjekk på sida, og når det blei bytte, så vart dei ponniane med uerfarne ryttere leid av med oppasser. Vel heime vart ponniane sleppte på beite for mat og kvil. Etter mat var det ei ny økt med bruk av ponniane, riding mønstring ol.
Søndag kom med to nye økter med hestane omtrent så lørdag, men etter at dei var ferdige var det evaluering av opphaldet og kva dei hadde opplevd og lært. Dei aller fleste ville sei noko, og det var bare positive tilbakemedlinger.
Frå vår side som prosjekt eigar var hensikten, la deltakarane læra å vera i lag, dyrka hesteinteresseresen, få ny kunnskap og dela sin kunnskap. Me må seia at vi er særs nøgde med prosjektet.