Prosjektfakta 

ProsjektnummerAgros 285725
Prosjektleder Oddvar Vassliås
ProsjekteierDalsfjorden/Ytre Sogn Fjordhestlag
SamarbeidspartnereØen Hestelag
Prosjektperiode 2025
OrdningMidler til å fremme hestesport, hestehold og avl
ProsjekttypeHestesport
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
Innvilget25 000 kroner
Resultatrapport Avsluttet
Prosjektbeskrivelse

I laget er det mange barn i denne aldergruppa som ikkje har kontakt med så store dyr som ein fjordhest. Difor er det viktig at dei får kontakt med hest på ein trygg og roleg måte. Det vil vi oppnå med at vi leiger inn ein stødig instruktør. Med så unge og urutinerte ryttarar er det og viktig at dei har ein erfaren hjelpar. åde desse og instruktøren får betalt for jobben denne veka. Hjelparane får tariffløn for avløysar i landbruket alt etter alder. Dette ut frå tankegangen at dei kunne teke ein annan jobb og tent pengar.

Hovudmålet er rekrutering. Det er og viktig at nye og unge brukarar lærer å mæte fjordhesten i eit trygt og sikkert opplegg. 

Vi startar med at elevane får vere med å hente hestane frå beitet. Hjelparane rir og elevane går ved sida av sin hest som dei skal ha i kursperioden. Når alle er komne fram til kurstaden vert det gjennomgang av utstyr og kva slag funksjon dei har. Salen vert lagd på hestane og elevane får sitje i salen, men hjelparen styrer det som skjer.Så vert der ulike rideøvingar fram til kursslutt. Ein dag legg vi sele på ein hest og køyrer rundt i bygda med hjelparane som ryttarar bak. Då passar det å gå gjennom selen og vogna. 

Resultater

Det var 11  deltakarar frå 8-12 år. Nokon med litt erfaring nokre utan. Kurset fanga så stor interesse at vi måtte setje 4 på venteliste til ei veke i august. 

Opplæring av salen og bruk, og namnet på dei ulike delane på salen. Deretter opp i salen. Riding på bane der hjelpar leier hesten. Storleik på hesten etter alder på kusken. Stell av hestar. Riding der hjelpar vert mindre og mindre «Hjelpar». Dagen delt opp i 4 kortare økter, slik at skulle vere lite venting. I tilleg var det baneridning, alt etter nivå, turridning, puss av hestane, balanseøvingar etter nivå og forsøk på hopping. Siste dagen ble avsluttet med kosting av hestane, pizza og brus og utdeling av deltakerdiplom. 

Hjelparane gjorde ein god jobb. Stallen var kosta og rein kvar kveld og dei tok seg god av deltakarane. Tilbakemeldingane var veldig gode. 5 av deltakarane har meldt seg på neste kurs som skal vere midt i august. Vi har hatt desse kursa i 3 år. Jungeltelegrafen går så det trengst lite annonsering. Hjelparane er i ei aldersgruppe som har vanskar med å få skikkelege sommarjobbar. Dette med hest kan dei og er glad for å tene pengar.