Prosjektet har gjennomført ein litteraturstudie og eit feltforsøk. Litteraturstudien syner at eng gjødsla med husdyrgjødsel vil ha større risiko for utvasking av biotilgjengeleg fosfat enn andre driftssystem. Risikoen aukar ved aukande P-AL i jorda, og varierer etter kva eigenskapar jorda har. Husdyrgjødsel-spreiing i periodar med planteopptak, og spreiemetodar som sikrar kontakt mellom jord og gjødsel reduserer risikoen for tap både av fosfor og nitrogen. Nedlegging, nedfelling, tilsetjing av vatn og syre reduserer tapet av ammoniakk ved spreiing av husdyrgjødsel.
Feltforsøk i Vestland, Rogaland og Trøndelag over to år samanlikna ni gjødselbehandlingar på tørrstoffavling, P-balanse og N-utnytting. Det var tre ulike fordelingar av 9 tonn husdyrgjødsel/daa til eng med tre slåttar på vår, forsommar og seinsommar, både med og utan ekstra mineralgjødsel (høvesvis 30 og 12 kg effektiv N/daa). Det var òg med mineralgjødsla ledd med og utan P-gjødsling. Det var ikkje sikker effekt av fordelinga av husdyrgjødsel. Med P-AL frå 6,6 – 16,5 mg/100 g var det ikkje utslag på P-gjødsling. Sterkare nitrogen-gjødsling gav større avling, og difor òg større nitrogen- og fosforavling. På to av lokalitetane tillét dei store avlingane netto uttak av fosfor også der enga vart tilførd 3 kg P/daa. Nitrogenutnyttinga var ulikt mellom stadane, men me såg ikkje på verknad av nitrogen-mengd. Ein strategi med sterk nitrogengjødsling for netto uttak av fosfor kan føra til auka nitrogen-forureining.
Resultata er samanfatta i ein NIBIO rapport og formidla til målgruppa gjennom ulike kanalar.
Les meir om prosjektet og publikasjoner frå prosjektet hos NIBIO.