Prosjektfakta 

Prosjektnummer306821
Prosjektleder Åsmund Mikalsen Kvifte 
ProsjekteierNIBIO - NORSK INSTITUTT
FOR BIOØKONOMI 
SamarbeidspartnereNORSK LANDBRUKSRÅDGIVING
Prosjektperiode 01.05.2026 - 30.04.2029
OrdningKlima- og miljøprogrammet
ProsjekttypeUtviklingsprosjekt
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
InnvilgetKr. 1 440 000
Resultatrapport Pågår
Prosjektbeskrivelse

Endra klima gjev lenger vekstsesong, og i store delar av landet vil grovfôrproduksjonen gå frå to til tre slåttar, særleg i dei einsidige engområda langs kyststripa frå Boknafjorden og nordover mot Saltfjellet. Ein del år vil ein tredjeslått mot hausten vera vanskeleg å få til, på grunn av vått vêr eller andre tilhøve, og det kan påverka kor godt enga overlever vinteren og kan yta komande år. 
 
Prosjektet undersøkjer om ein i slike tilfelle helst bør utsetja slåtten eller la vera å hausta han, og samanliknar dette med ein normal tredjeslått. Effekten kan vera ulik for ulike artar, og prosjektet vil difor teste timotei, raigras, engsvingel, strandsvingel, raisvingel og bladfaks, og vil også registrere vekstavslutning utover hausten og overvintringssopp-åtak på våren for å forklara skilnadene. 
 
Målgruppa for prosjektet er i hovudsak grovfôrbønder som vurderer å gå frå to til tre slåttar, men resultata kan også vera av interesse for rådgjeving og frøfirma. Resultata skal verta formidla gjennom markdagar, artiklar i fagtidsskrift og gjennom føredrag på aktuelle nasjonale konferansar.