Prosjektfakta 

Prosjektnummer 
Prosjektleder Martin Haaskjold Inderhaug
ProsjekteierAgriAnalyse AS
SamarbeidspartnereNorske Felleskjøp SA, fagpersonar
frå næring og forskning
Prosjektperiode 2021
OrdningKlima- og miljøprogrammet
ProsjekttypeProsjekt
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
InnvilgetKr. 480 000
Resultatrapport Rapport 1/2022: Meir norske proteinvekstar til fôr og mat
Prosjektbeskrivelse

Målet med prosjektet var å analysere auka satsing på proteinvekstar i Norge der ein realorienterer satsinga med planteprotein til mat og fôr mot praktiske utfordringar gjennom verdikjeda. Dette for å belyse flaskehalsar og tersklar som må handterast for å gjere meir proteinvekstar attraktivt og lønsamt gjennom verdikjeda. Målgruppa inkluderer forvaltning, politikarar, faglag, FOU-institusjonar og aktørane i verdikjeda.

Dei viktigaste tiltak var å kartlegge eksisterande kunnskap og intervju med informantane og aktørane i verdikjeda. Dernest var det viktig å gjere ein god analyse og samanstilling av den innhenta informasjonen slik at ein kan gje realitetsorienterte anbefalingar for å auke produksjonen.

Forventa resultat frå prosjektet var å identifisere dei viktigaste flaskehalsane for ein auke av proteinvekstproduksjonen i Noreg, og å presentere moglege tiltak for å auke produksjonen.

Resultater fra prosjektet

Ut frå agronomisk og klimatisk tilhøve er det eit potensial for betydeleg større produksjon av erter og åkerbønner i dei norske kornområda. Tildømes estimerer Abrahamsen mfl. (2019), i «Muligheter for øktproteinproduksjon på kornarealene», eit råvarevolum på 39 700 tonnåkerbønner og 54 500 tonn erter i året.

Målet i prosjektet var å identifisere flaskehalsar gjennom verdikjeda for proteinvekstproduksjon. Vidare å presentere tiltak for å auke produksjonen. Det teiknar bilete av at dei største flaskehalsane, for å realisere ei markant auka av erter og åkerbønner ligg på primærleddet gjennom utfordringar kornprodusentane opplever. Risiko for låge avlingar og manglande kompetanse og erfaring blant kornprodusentane står fram som to hovudutfordringar. Deretter er kapasitetsutfordringar på levering og tørking utfordrande både for bonde og møllene. Særskilt på lengre sikt, dersom det vert produsert langt større volum, er anleggsstruktur og pressa kapasitet på kornmottaka eit tilhøve møllene skildrar som ein flaskehals for ei effektiv, rasjonell og god handtering av eit betydeleg større volum erter og åkerbønner.

Sjølv om det er flaskehalsar for å få etablert meir vekstskifte og høgare produksjonsvolum av erter og åkerbønner, er hovudinntrykket at desse bør vere overkommelege utfordringar på sikt. Større produksjon framstår som både mogleg og ynskjeleg. Aktørane i verdikjeda signaliserer at det er mogleg å realisere meir vekstskifte hjå kronprodusentane og bruke langt større råvarevolum i kraftfôrindustrien. Dei økonomiske rammevilkåra vert vurdert som fornuftige frå både kornprodusentane og industrien.Høvesvis få kornprodusentar oppgir låg lønsemd som flaskehalsen for å bruke erter og åkerbønner i vekstskifte, og kraftfôrindustrien anser økonomien i å bruke norskproduserte åkerbønner og erter som grei, med dei rammevilkåra som vert praktisert. Industrien skildrar òg råvarene som attraktive i fôrblandingane, og at dei ynskjer større volum. Dermed står ikkje økonomi og lønsemd fram som noko avgjerande hinder i verdikjeda for å dyrke og bruke meir åkerbønner og erter.