Føremålet med prosjektet er å etablere eit informasjonssenter om dal- og fjellbygdene sitt kulturlandskap, ved å etablere temautstillingar om kulturlandskap på ulike lokalitetar gjennom Hjartdal, langs Sogevegen. Dette er ein del av eit turistvegprosjekt i regi av Hjartdal og Seljord kommunar. Det er ønskeleg å styrke Kulturmarkssenteret i Telemark AS og gi det ei nasjonal rolle med omsyn til å formidle verdiar og praktiske råd knytt til artsrike kulturmarkstypar.
Målgruppene for besøkssenteret er born og ungdom, studentar, forvalting, organisasjonar, bygdefolk og turistar. Eksisterande formidlingstiltak vil bli komplettert med utstillingar og tilbod med utfyllande tematikk. Prosjektet vil legge vekt på samarbeid og berekraftige løysingar, og vil omfatte både tradisjonelle og digitale formidlingsformer.
Forventa resultat av prosjektet er eit besøkssenter der dei besøkande kan få eit heilskapleg innblikk i emnet kulturlandskap.
Prosjektet er eit informasjons- og formidlingstiltak i sin heilskap. Det vil ha stor lokal og regional interesse, men også nasjonal overføringsverdi. Prosjektet samarbeider mellom anna med Slåttefestivalen som har NM i ljåslått, og har i alle år hatt besøk frå alle delar av landet, både studentar og kursdeltakarar. Ein vil også skape blest gjennom media (aviser, radio/tv) undervegs i prosjektet og når utstillingane er klare.