Prosjektet nådde hovudmålet sitt og lukkast med å skape en økologisk møteplass forprodusenter, rådgivere, studenter, forskere, markedsaktører og andre interesserte fra hele landet. Det blei lagt til rette for nettverksbygging, faglig formidling, erfaringsutveksling og inspirasjon. Det var stor interesse for konferansen, med ei deltaking på over 400 påmelde som langt overgjekk ambisjonene. Arrangørane gjorde ein omfattande jobb med planlegging, samarbeid, organisering og gjennomføring av kongressen.
Jordhelse vart vald som eit samlande hovudtema i fellesdelen til programmet og det var eit mål å byggja faglege bruer. Andre dag var det fire parallelle fagprogram innan korn, grovfôrbaserte produksjonar, grønsaker og poteter, frukt og bær. Ei lita gruppe vekshusprodusenter fekk også høve til å delta i eit eige opplegg organisert av økologisk fagressurs innan veksthus. Marknad og omsetning var også tema på kongressen.
Prosjektet utvikla nettsida www.øko2020.no, der program med lenkjer til foredrag og eit biletarkiv frå kongressen vart publisert. I tillegg er det lagt ut stoff frå kongressen gjennom Agropub.no, nlr.no og fleire andre nettsider. Landbrukets Økoløft bidrog også med tre kortfilmar er inspirasjonsbønder promoterte økologikongressen.
På Norsk Landbruksrådgiving Innlandet si nettside la ein konvensjonell rådgivar ut reisebrev frå Øko2020. Her blir overføringsverdien beskriven og brubyggingseffekten av kongressen: "Med mer enn 400 deltakere og folk på venteliste, leverte Øko2020 over all forventning! Overføringsverdien fra Øko2020 til det generelle landbruket var innlysende, uavhengig av om man dyrket grønnsaker, korn, frukt, grovfôr eller bær. Fangvekster, blomsterstriper, langsiktig planlegging og økt fokus på jordhelse er alle tverrfaglige temaer som kan redusere behovet for kjemi i landbruket." Fleire landbruksrelaterte medium laga positive reportasjar frå kongressen.
Les meir om resultat fra Økologikongressen hos Agropub.