Prosjektfakta 

Prosjektnummer 
Prosjektleder Sigurd Molvik
ProsjekteierNJØS FRUKT- OG BÆRSENTER AS
SamarbeidspartnereNMBU, VitalAnalyse og NLR
Prosjektperiode 2021
OrdningTilskudd til utviklingstiltak innen økologisk landbruk
ProsjekttypeProsjekt
Midlene er innvilget avLandbruksdirektoratet
InnvilgetKr.  285 000
Resultatrapport Avsluttet
Prosjektbeskrivelse

Føremålet med prosjektet har vore å prøva ut klimavenlege driftsmåtar i økologiske forsøksfelt, for at ein kan styrke kunnskapsgrunnlaget om ein meir klimavenleg økologisk fruktproduksjon med auka karbonbinding.

Njøs Næringsutvikling har i dette prosjektet bygd vidare på resultat frå dekkeforsøk gjennomført på Njøs, og anna relevant forsking. På Njøs er det etablert ein demonstrasjonshage for økologisk frukt, og den har vore godt egna til utprøvingane, da den har moderat moldinnhald i ei leirrik jord. Prosjektet har vore tre-årig, med eit ekstra år i 2021 til auka kvalitetssikring.

Resultat fra prosjektet

Det er grunnleggjande at det blir bygd meir kunnskap og informasjon både på ulike område innan økologisk jordbruk, og korleis ein klimavenleg fruktproduksjon kan gjerast. Forslag til konkrete tiltak for ein meir klimavenleg fruktproduksjon kan ha overføringsverdi til ulike bærkulturar. Sjølv om dette er eit område der det trengst meir forsking, har prosjektet likevel kome fram til forslag til konkrete tiltak for ein meir klimavenleg fruktproduksjon. Resultata er formidla til næringa gjennom ulike formidlingstiltak som har blitt gjennomført i heile prosjektperioden.

Les mer om prosjektet her.

Artikkel Norsk frukt og bær nr 1 - 2022