Frå akuttfase til opprydding

I den akutte fasen var skogentreprenørane sentrale i arbeidet med å rydda opp vindfall som ramma infrastruktur og kommunikasjon. No i oppryddingsfasen blir det viktig å redda tømmerverdiar før biller og andre insekt øydelegg tømmeret. Heile næringa må samarbeide for at oppryddingsarbeidet skal gå effektivt, slik at ein unngår oppblomstring av stor granborkbille i råka område i påfølgjande sommar.

Gjennom vinteren ligg det vindfelte virket trygt for insekt, og på grunn av låge temperaturar vil trevirket halde seg ferskt. Dette er eit tidsvindauge som kan utnyttast for å planleggje avverking og uttransport. Kjem det mykje snø, må arbeidet vente til våren, og ein kan få for lite tid til å unngå sverming av stor granborkbille. Heile skognæringa blir oppmoda til å tenkje gjennom korleis ein best kan bidra for å berge mest mogleg av det vindfelte tømmeret.

Yngleplass for stor granborkbille

I vindfelt granskog er det stor granborkbille som potensielt kan gjere vesentleg skade på skog som veks i nærleiken, viss borkbillene finn eigna plassar å formeire seg på og blir svært talrike.

Det finst forsikringsordningar mot skogskadar, og skogeigar kan forsikra seg mot tap og meirkostnader som følgje av stormskadar på skog. Skogeigarar som ikkje har slik forsikring må dekka tap og meirkostnader som følgje av stormskadane sjølv, slik også hovudregelen for all annan skade og forsikring fungerer.

Landbruksdirektoratet følger utviklinga

Landbruksdirektoratet vil halde løpande kontakt med statsforvaltarembete og skognæring i tida framover. Vi bruker tilbakemeldingane til kontinuerleg vurdering av behovet for verkemiddel.

Omfang

Skogbrand forsikringsselskap sitt anslag på skadeomfanget etter stormen 19. november 2021 og dei følgjande stormane vinteren 2021-2022, var på rundt 2,7 mill. m3 skog ved slutten av 2022.  

Her finn du lenke til Skogbrand forsikring si side om stormskadar.